Heim Nyhende Korleis lukkast på sosiale medium?

Korleis lukkast på sosiale medium?

Lær av dei beste i bruken av sosiale medium!


Mange norske kommuner er bevisste og avanserte brukarar av sosiale medium. Det viser ein fersk FoU-rapport frå KS.

Her er lista over dei 30 beste kommunane på Facebook!

– Det er ikkje lenger nok å misjonera for at det er lurt å ta i bruk sosiale medium; no handlar det om korleis me best skal gjera det, seier Trude Andresen områdedirektør for Forsking, innovasjon og digitalisering i KS. Gambit H+K Strategies har utført studien som særleg undersøker innsatsen innanfor innbyggardialog, omdømme og krise- og beredskapsarbeid. KS var nysgjerrig på om kommunane bruker sosiale medium innanfor desse områda.

– Sjølv om bruk av sosiale medium ikkje er nytt lengre, så er det eit arbeid i stadig utvikling. Mange kommunar ynskjer seg erfaringsdeling. Det er særleg råd frå dei som har lukkast som er interessante. Her er dei samla; stel og del, oppmodar Andresen.

Kva gjer dei beste kommunane?
– Blant dei gode kommunane innanfor innbyggardialog ser me at dei informerer om lokale aktivitetar, inviterer innbyggjarane til dialog, svarar raskt på spørsmål og har klare rutinar for vidareformidling av meldingar frå sosiale medium, seier Andresen.

Vidare viser undersøkinga at kommunar som er flinke til å bruka sosiale medium til omdømmebygging styrkjer lokalpatriotismen ved å visa fram «gladsaker», bruker eit personleg språk og ein uformell tone, tek sjølvkritikk og har gode retningslinjer for tilsette si bruk av sosiale medium.

– Når det gjeld sosiale medium i krise- og beredskapsarbeid er det god bruk å informera om kvardagskriser, bruka sosiale medium som ein ekstra krisekanal, og overvaka sosiale medium aktivt, òg utanfor kommunen si ordinære opningstid, seier Andresen.

Her finn du råd om bruk av sosiale medium innanfor dei tre områda som er undersøkt:
Innbyggardialog

Omdømme

Krise- og beredskapsarbeid

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

MEST LESE

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Gode grunnar for å velja nynorsk i vaksenopplæringa

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK på møte med arbeids- inkluderingsminister Kjersti Stenseng for å visa kor viktig det er satsa på nynorsk i...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Nettseminar: Kvifor og korleis nynorsk i vaksenopplæringa?

Torsdag 24. september klokka 14.00–15.30 inviterer vi til nettseminaret Kvifor og korleis nynorsk i vaksenopplæringa? Det er Noregs Mållag, Nynorsksenteret med personar frå ressursgruppa, og...