Heim Nyhende Krevjande å vere samfunsutviklar

Krevjande å vere samfunsutviklar

Småkommunane får ikkje tid å gjere jobben sin som samfunnsutviklar, meiner forskar.

Små kommunar har same krav til oppgåve- og tenesteproduksjon, til forvaltning og drift av lokalt demokrati som dei store kommunane. Dermed blir det lite tid til å dyrke rolla som samfunnsutviklar. Det seier forskar Guri Mette Vestby til Distriktssenteret.no. Ho peiker på at slike utviklingsoppgåver gjerne blir gitt til éin person, til dømes ein bygdeutviklar med mange andre oppgåver i tillegg, sjølv om det strengt tatt er heile organisasjonen som skal drive samfunnsutvikling.

– Vi må gje den eller dei som jobbar med spesielle utviklingsprosjekt tid til å gjere den jobben, tid til å vere kreativ og tid til å områ seg. Eg vil gå så langt som å seie at den største kapasitetsutfordringa i småkommunar er manglande tid til å drive utviklingsarbeid, til å løfte blikket og sjå nokre større perspektiv, seier Vestby.

Det må vere aksept internt i kommuneorganisasjonane for utviklingsarbeidet, og politikarar og administrativ leiing må vere bevisste på korleis rolla som samfunnsaktør skal formast og korleis ein må samarbeide både ekstern og internt.

Det er ikkje uvanleg at utviklingsarbeid medfører konfliktar og usemje mellom ulike interesser. Det er ikkje nødvendigvis negativt, meiner forskaren, ein må berre vere tydelege på at dei finst og få konfliktane opp på bordet. det kan også vere ein kompliserande faktor at nokre få personar har mange roller i eit lokalsamfunn. Det må ein heller sjå som ein ressurs, seier Vestby.

– Det er store ressursar i å ha nokon med mange roller og nettverk, både i kommuneorganisasjonen og i samfunnet. Du kan aktivisere mange miljø og skape sterke handlingsnettverk viss alle er samla om måla.

Å ha eit varmt hjarta for bygda er alltid eit godt utgangspunkt, meiner ho.

Å utvikle gode team av støttespelarar er viktig for å styre utviklingsarbeidet. Den eine som jobbar med prosjektet treng folk rundt seg å dele og drøfte idear med, og kapasiteten aukar monaleg viss ein definerer fleire inn som utviklingsaktørar og skapar team.

– Eit godt utviklingsteam er absolutt ein suksessfaktor i lokalt utviklingsarbeid, avsluttar Guri Mette Vestby.

NYNORSK INSPIRASJON

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

MEST LESE

Årsmelding for LNK 2025: Rekordmange medlemsbesøk og prosjekt

Det har vore stor aktivitet i LNK i 2025. Nettstadene våre har nådd over 700.000 brukarar i løpet av året. Me har hatt rekordmange...

Tarjei Vesaas» debutantpris til Samlaget-forfattar

Frøland mottek prisen på 80 000 på årsmøtet til Den Norske Forfattarforening denne helga. Juryen seier mellom anna dette om prisvinnar Frøland: «I Tynne rivner av...

Nynorskelevar tar lengre utdanning enn bokmålselevar

Ein studie viser at om elevar bruker nynorsk eller bokmål på skulen, påverkar kor mykje utdanning dei tar. 11 prosent av norske elevar bruker nynorsk...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...