Heim Nyhende KrF kan snu om kommunetvang

KrF kan snu om kommunetvang

Det blir omkamp om tvangssamanslåing av kommunar under KrF-landsmøtet til helga. Fleire seier nei til tvang.

 

– Vi er ikkje for tvang. Prinsipielt skal det vere fri vilje. Og skal det vere fri vilje, så skal det vere fri vilje. Det skal ikkje vere avgrensingar, seier ordførar i Vennesla Torhild Bransdal (KrF) til Nationen.

Til helga innleier ho til debatt om kommunereforma under KrF-landsmøtet i Trondheim.

– Eg ser jo at politiske uvenner seier at KrF er for tvang. Vi er ikkje for tvang. Difor er det utruleg viktig å klargjere det, seier ho.

KrF-landsmøtet opna for første gong for tvangssamanslåingar for to år sidan, med svært knapt fleirtal. Vedtaket vektla også fri vilje sterkt.

Den andre innleiaren i debatten, ordførar Astrid Aarhus Byrknes i Lindås, meiner det ikkje er nokon grunn til å snu.

– Vi har sagt at det ikkje er naturleg at kommunar der det er geografisk vanskeleg slår seg saman. Men i regionar der fleire kommunar ligg tett på kvarandre og éin kommune stenger for eit samarbeid med andre, bør Stortinget kunne gripe inn. Det er ikkje det same som å tvinge kommunar saman, slik eg ser det.

Nationen spurde for to veker sidan KrF-leiar Knut Arild Hareide om KrF kan snu om tvang.

– KrF-programmet vektlegg fri vilje. Eg kan ikkje forskotere landsmøtet, sa han då.

Ap snudde om tvang under landsmøtet i april. (©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...