Heim Nyhende KrF og Venstre går mot kemnerkutt

KrF og Venstre går mot kemnerkutt

 

Forslaget frå Skattedirektoratet om å kutte frå 288 til 27 kemnerkontor, får truleg ikkje fleirtal på Stortinget. Både Venstre og Kristeleg Folkeparti seier nei.

 

Forslaget om å redusere talet på skatteoppkrevingskontor fekk i utgangspunktet støtte frå Venstre, skriv Kommunal Rapport. No har partiet snudd.

– No har vi fått den informasjonen vi treng i denne saka, og vi ser at det vil innebere ei massiv sentralisering og fjerning av kompetansearbeidsplassar frå distrikta. Det er ikkje vår politikk, seier André Skjelstad, kommunalpolitisk talsmann for Venstre, til vekeavisa.

KrF har heile tida vore imot forslaget, ifølgje Kommunal Rapport.

Finansminister Siv Jensen (Frp) har tidlegare uttalt at forslaget handlar om å modernisere og effektivisere offentleg sektor.

Dei to representantane for Norges Kemner- og Kommuneøkonomers Forbund som deltok i arbeidet med rapporten for Skattedirektoratet, trekte seg frå arbeidet fordi dei meinte utgreiinga var mangelfull. (©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...