Heim Nyhende – Norsk Ordbok må bli eit nasjonalt fellesføretak

– Norsk Ordbok må bli eit nasjonalt fellesføretak

 

–  Norsk Ordbok og språksamlingane ved Universitetet i Oslo bør bli eit nasjonalt fellesføretak slik Artsdatabanken er det, seier direktør Ottar Grepstad i Nynorsk kultursentrum.

På eige initiativ og i samråd med fleire universitet og høgskular har Nynorsk kultursentrum levert ei utgreiing til Kulturdepartementet om kva som bør gjerast når Universitetet i Oslo neste år avviklar sitt arbeid med språksamlingar og ordbøker.

Nynorsk kultursentrum rår til å opprette ein ny driftsorganisasjon tufta på universitets- og høgskulelova. Denne gir styresmaktene høve til å leggje drifta av ei nasjonal fellesoppgåve til ein bestemt institusjon med eit eige styre, slik det er gjort med Artsdatabanken. Driftsorganisasjonen dekkjer både bokmål og nynorsk og skal utvikle tenester og tilbod som er allment tilgjengelege som gratis nettenester for publikum. Særleg gjeld det å forvalte og vidareutvikle dei store språksamlingane, gjere Norsk Ordbok til eit fulldigitalt ordbokverk (i dag gjeld det berre oppslagsorda i–å), og oppdatere og jamleg utvide heile verket.

Det nasjonale fellesføretaket kan leggjast samla til Universitetet i Bergen eller delast slik at språksamlingane blir lagde til Universitetet i Bergen og ordbokredaksjonen til Høgskulen i Volda, meiner Nynorsk kultursentrum. Den samla staben bør utgjere 16–19 årsverk – av desse står språksamlingane for vel 12 årsverk.

– Vi halverer dagens stab, og det er mykje. Det finst gode argument for at staben bør vere større, og minst like gode argument for at den iallfall ikkje må vere mindre, seier Ottar Grepstad.

– Arbeidet med ordboka held då fram med like få medarbeidarar som i 1972, og språksamlingane utgjer ein endå mindre stab enn den gongen.

For første gong har nokon rekna grundig på kva vidare drift vil koste. Årlege driftskostnader vil truleg utgjere 17–19 mill. kr, alt etter organisering og lokalisering. I år bruker det offentlege minst 37 mill. kr på språksamlingane og ordbokarbeidet.

– Knut Johanssen i Norsk Standard sa nyleg at norsk språk er den viktigaste nasjonale infrastrukturen vår. Så stor er denne saka for både næringsliv, forsking og innbyggjarane i Noreg, seier Ottar Grepstad.  Han meiner Norsk Ordbok både fagleg og teknisk er eit av dei fremste ordbokverka i verda.

–  Noreg er eit rikt land, men ikkje så rikt at vi har råd til å skusle bort den kulturarven språksamlingane og Norsk Ordbok utgjer, seier direktøren i Nynorsk kultursentrum.

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...