Heim Nyhende KS kjem med opplæring på nynorsk for folkevalde

KS kjem med opplæring på nynorsk for folkevalde

Etter neste kommuneval, i 2019, kan norske lokalpolitikarar sjå fram til å få folkevaldopplæringa si på nynorsk.

 

Fram til no har læringsmateriellet berre vore tilgjengeleg på bokmål, og dette har vore ei kjelde til frustrasjon i mange nynorskkommunar. Det er KS som tilbyr dei aktuelle kursa, og  administrerande direktør i KS Lasse Hansen forstår frustrasjonen:

– Det er naturleg at dette læringsmateriellet også vert tilgjengeleg på nynorsk, og dette er ei sak eg kjem til å ta opp med styreleiar i KS med det første, seier Hansen i ein kommentar.

Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK) og KS  drøfta saka denne veka, og vart då einige om å samarbeida tettare i tida som kjem, for å  tydeleggjera KS sin språkpolitikk.

Ordførar i Vinje, Jon Rikard Kleven, var med på møtet og er svært nøgd med resultatet:

– Språk er ein viktig del av identiteten vår og det er viktig at ein organisasjon som KS, som organiserer alle kommunane i landet, har ei offensiv haldning også på dette området, seier Kleven. Vinje kommune var ein av fleire som etter kommunevalet i fjor reagerte på at materiellet rundt folkevaldopplæringa berre finst på bokmål.

– Dette var eit positivt møte, og eg ser fram til eit godt samarbeid med KS om temaet språk framover, seier dagleg leiar i LNK, Vidar Høviskeland.

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...