Heim Nyhende Kurs har auka språkforståing

Kurs har auka språkforståing

Aspøy omsorgssenter i Ålesund har hatt tilsette frå 16 ulike nasjonalitetar på kurs i språk og kulturforståing.

– Eg er veldig glad for at eg har gått dette kurset. Det har gjort at vi er blitt opnare og tryggare. Nå vågar vi også å ta kontakt med dei pårørande, oppsøkje dei og tilby dei kaffi, seier Diba Maskurova til Sunnmørsposten. Ho er frå Tjetjenia og har budd i Noreg i sju år.

For å ha nok tilsette til drift heile døgeret, blei det i fjor vår henta inn vikarar frå alle verdshjørne. Mange av desse med sjukepleiar- eller hjelpepleiarfagleg utdanning. Då dei nytilsette frå Burma, Somalia, Latvia, India, Fillipinene, Keny, Venezuela, Ukraina, Thailand, Tjetjenia skulle kommunisere med svenktalande, sunnmøringar og folk med ulike dialekter, blei dei språklege utfordringane mange. Det same gjaldt kulturskilnader.

– Vi følte at språket var ein hemsko, seier prosjektansvarleg Anne Berte Hareide.

Det valde omsorgssenteret å gjere noko med. Språk- og kulturforståingskurset fokuserte på både dialekt og sunnmørske tradisjonar og historie.

– Kurset har gitt økt forståing mellom tilsette, samt pasientane og dei pårørande. Dette er merkbart, seier verksemdsleiar Henning Pilskog til Sunnmørsposten.

NYNORSK INSPIRASJON

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

MEST LESE

– Éin nynorskmillion er ikkje nok

– Det er avgjerande at Teater Vestland får auka tilskot i ei krevjande tid, men Støre-regjeringa har samla sett ikkje levert godt nok for...

Jublar over nynorskstøtte

Nynorsk bedriftsforum er tildelt 950 000 kroner frå spelemidlane for 2025. Midlane er fordelte av Kultur- og likestillingsdepartementet og skal gå til vidare utvikling...

Trond (39) er tilsett i LNK – skal styrka nynorsk i skulen i Rogaland

Landssamanslutninga av nynorskkommunar har tilsett Trond Salte (39) for å få fart på prosjektet «Meir mål på Jæren». – Det er makelaust gildt! seier Trond...

Årsrapport for LNK 2023–2024

Annakvart år, i samband med årsmøtet og landstinget i LNK, legg organisasjonen fram ei fyldig årsmelding og revidert rekneskap for dei siste to driftsåra....