Heim Nyhende Kuttar ikkje støtta til lokalaviser

Kuttar ikkje støtta til lokalaviser

Kulturminister Thorhild Widvey droppar planen om å senke opplagsgrensa for lokalaviser som får produksjonsstøtte.

 

Kulturdepartementet har tidlegare foreslått å senke opplagsgrensa for nummer ein- og åleinemedium frå 6.000 til 4.000. I dag får desse avisene om lag 5 prosent av pressestøtta.

– I dagens situasjon med fallande papiropplag og ein meir utfordrande annonsemarknad vil det vere risikabelt å gjere endringar i tilskotsordninga som gjer desse avisene meir sårbare, seier kulturministeren.

Departementet har derfor konkludert med at den eksisterande opplagsgrensa bør haldast ved lag.

Letta lokalaviser

Landslaget for lokalaviser (LLA) er glade for at regjeringa vil føre vidare dei opplagsgrensene som er i dag.

– Vi i LLA har arbeidd hardt, gitt grundig informasjon og argumentert for at det ville vera særs uheldig å kutta støtta til lokalavisene med 4.000 til 6.000 i opplag. Politikarar som lyttar, og som vågar å snu, fortener ros, seier generalsekretær Rune Hetland og styreleiar Ståle Melhus i LLA.

Dei understrekar også at pressestøtta ikkje må gjerast til finanspolitikk.

– Gode rammevilkår for media er ei investering i eit ope, inkluderande samfunn som tek vare på demokratiske, kulturelle og språklege verdiar. Alle lokalaviser, ikkje minst 4.000 til 6.000-avisene, er sjølve fundamentet i det unike avismangfaldet i Noreg, seier Hetland og Melhus i LLA.

Set tak

Regjeringa går likevel inn for å leggje eit tak på pressestøtta. I stortingsmeldinga føreslår departementet å innføre eit statisk tilskotstak på 40 millionar kroner for kvart medieselskap per år frå 2015.

Det har frå tidlegare vore klart at eit slikt tak særleg vil ramme Dagsavisen og Vårt Land, som i dag får rundt 41 millionar kroner kvar i pressestøtte. Alle andre mottakarar av denne støtta ligg solid under dette taket.

– Pressestøtta er ei rammestyrt ordning. Dersom nokre få enkeltaktørar får ein stor del av ramma, blir det mindre igjen til andre. Dette ønskjer eg å motverke ved å innføre eit statisk tilskotstak på 40 millionar kroner, seier kulturminister Thorhild Widvey. (©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

Seks fine julebøker på nynorsk

Mange skular og barnehagar bruker adventstida til høgtlesing kvar dag. Her får du tips til fleire gode bøker på nynorsk med god...

Vil gi utviklingsstøtte til fleire nynorske produksjonar i Den kulturelle skulesekken

Kulturtanken, Seanse, Høgskulen i Volda og fleire fylkeskommunar samarbeider om å få meir nynorsk i Den kulturelle skulesekken i ei heilt ny...

MEST LESE

– Alt gjer seg betre på nynorsk

Prisvinnar Øystein Furevik gir folk nynorsk i ei verd prega av engelsk. For han er nemleg alt betre på nynorsk. – For meg er nynorsk...

Nynorsk kultursentrum stiller opp for Det Norske Teatret

Det Norske Teatret troppa opp på Festspela for å lansere si nye kampanje for å tette finaniseringsgapet som har utvikla seg samanlikna med Nathionaltheatret....

Nynorsk barnelitteraturpris til Markus Lantto og Camilla Kuhn

Forfattar Markus Lantto og illustratør Camilla Kuhn har fått Nynorsk barnelitteraturpris 2022 for boka Kåre og Marimba hjelper til gjeven ut på Samlaget. – Juryen...

Ber storsamfunnet syta for at retten til eige språk og kultur er reell

Landstinget til LNK Nynorskkommunane kom med støtte til samar, kvener, norskfinnar og skogfinnar. – Me i LNK Nynorskkommunane var samla til landsting same dag som...