Heim Nyhende Kven vinn nynorskprisen i år?

Kven vinn nynorskprisen i år?

Den 4. april er fristen for å kome med framlegg til kven som bør få Kulturdepartementets nynorskpris for journalistar i 2016. Føremålet med prisen er å fremje bruk av nynorsk i media, og årleg ære ein dyktig journalist som medverkar til det.

 

I fjor var det Jan Zahl, kulturjournalist og kommentator i Stavanger Aftenblad, som fekk prisen. Tidlegare har mellom andre Ingunn Solheim, NRK, Hilde Sandvik, Bergens Tidende, Odd Reidar Solem, TV2, Ronny Brede Aase, NRK P3, Katrine Sæle, Firda og Linda Eide, NRK, fått han. Prisen er på kr. 50.000 og eit kunstverk, og vert delt ut for ellevte gong.

Kven som får prisen vert bestemt av ein eigen jury. Der er Håkon Haugsbø leiar. Han er kommunikasjonssjef i Kirkens Nødhjelp. Forfattar og journalist i Dag og Tid, Agnes Ravatn, og redaktør Svend Arne Vee, i Firdaposten, er også med i juryen.

– Dette er ein journalistpris og vi ynskjer framlegg om dyktige nynorskbrukande journalistar som arbeider på nettsider, i aviser og tidsskrift, radio og fjernsyn. Det er viktig at det fylgjer ei grunngjeving med framlegga, seier Håkon Haugsbø, leiar for juryen.

Leiar for NRK Nynorsk mediesenter, Magni Øvrebotten, er sekretær for juryen. Den oppgåva var Kulturdepartementet si gåve til Nynorsk mediesenter då senteret vart opna i 2004. Sjå meir om prisen på nettsida www.nynorskmediesenter.no

NYNORSK INSPIRASJON

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

MEST LESE

– Éin nynorskmillion er ikkje nok

– Det er avgjerande at Teater Vestland får auka tilskot i ei krevjande tid, men Støre-regjeringa har samla sett ikkje levert godt nok for...

Jublar over nynorskstøtte

Nynorsk bedriftsforum er tildelt 950 000 kroner frå spelemidlane for 2025. Midlane er fordelte av Kultur- og likestillingsdepartementet og skal gå til vidare utvikling...

Trond (39) er tilsett i LNK – skal styrka nynorsk i skulen i Rogaland

Landssamanslutninga av nynorskkommunar har tilsett Trond Salte (39) for å få fart på prosjektet «Meir mål på Jæren». – Det er makelaust gildt! seier Trond...

Årsrapport for LNK 2023–2024

Annakvart år, i samband med årsmøtet og landstinget i LNK, legg organisasjonen fram ei fyldig årsmelding og revidert rekneskap for dei siste to driftsåra....