Vestlandet og Sørlandet har færrast kvinner på vallistene, og færrast kvinnelege listetoppar før kommunestyrevalet til hausten.
I september går nordmenn over heile landet til urnene i kommune- og fylkestingsvalet for å avgjera kva menn og kvinner som skal styra kommunar og fylkeskommunar dei neste fire åra. Ut frå listekandidatane å døma, ser det ut til å bli flest styrande menn.
Nynorsk pressekontor har undersøkt kjønnsfordelinga på listene til kommunestyrevala i alle kommunane i landet. I alle dei 19 fylka er det menn i fleirtal på røystesetlane: nærmare seks av ti kandidatar er menn.
Liste-likestillinga er kommen kortast i Rogaland. Her er 1.697 kandidatar, eller 40 prosent, kvinner og 2.511 kandidatar, eller 60 prosent, menn. Landsgjennomsnittet er 43 prosent kvinner og 57 prosent menn.
Også i dei andre fylka på Sør- og Vestlandet er kvinner i klart mindretal: 41 prosent av kandidatane i dei ulike kommunane i Møre og Romsdal er kvinner, og 42 prosent i Hordaland, Vest-Agder og Telemark.
I Oslo er kjønnsfordelinga jamnast, med 47 prosent kvinner og 53 prosent menn på vallistene.
LES OGSÅ:Heilt grøne på politikk
Færre kvinner på toppen
Om ein undersøkjer nærmare kven som er listetoppar på dei ulike partia sine vallister i kommunane, blir kjønnsfordelinga endå meir tydeleg. I snitt er berre tre av ti listetoppar kvinner på landsbasis.
Situasjonen er dårlegast stilt i Agder-fylka, kor berre 24 prosent (Vest-Agder) og 26 prosent (Aust-Agder) av listetoppane er kvinner.
Også i vestlandsfylka Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal er det færre kvinner på topp enn i landet under eitt. I desse fylka er 28 prosent av toppkandidatane kvinner.
LES OGSÅ:Meiner me er klare for 16-åringar som stemmer
Personrøyster hjelper ikkje
Skeivfordeling på vallistene er ikkje noko nytt fenomen i norsk politikk.
Valforskar Ingrid Guldvik har forska på kvinner på vallistene i fleire år, og meiner at eit viktig tiltak for å få fleire kvinner på listene, er fleire kvinner i nominasjonskomiteane.
Rapporten «Personvalg ved stortingsvalg» som kom i fjor haust viser at veljarane er lite opptekne av kjønn og identitet når dei gir personrøyster ved val. Det er saker og «kjendisfaktor» som styrer.
Faktisk ville færre kvinner ha vore representerte i norske kommunestyre om personrøystene ikkje gjaldt, synte resultata frå kommunestyrevalet i 2007, då 37,5 prosent av dei innvalde politikarane var kvinner. Hadde personrøystene ikkje telt med, ville kvinnedelen vore 42,3 prosent.
LES OGSÅ:Dette bør valkampen handla om