Microsoft Noreg skal no lage film om Stord og nynorsk.
Sist veke besøkte Microsoft Noreg Høgskulen Stord/ Haugesund. Oppdraget frå Microsoft sentralt var å lage ein film på tre minutt om kvifor det er viktig å lage det dei kallar Local Language Packs, det vil seie å omsetje programvare til små språk og minioritetsstpråk.
– Dei ville bruka nynorsk som døme, og har laga ein filmsnutt frå Stord, med utgangspunkt i IKT-miljøet på HSH og den nye Nordbygdo ungdomsskule, seier høgskulelektor i norsk, Hege Myklebust til høgskulen sine eigne heimesider.
Filmen skal visast for ein Den internasjonal skulekonferanse i Warzawa i juli.
– Dette håper me kan verta god reklame for HSH, Stord, Vestlandet og nynorsken, seier høgskulelektor Hege Myklebust i HSH.