Heim Nyhende Leikar seg inn i dialektane

Leikar seg inn i dialektane

Gjennom programmet «Dialektriket» på NRK har Yasmin Sayed funne ut at me i Noreg elskar vår eigen dialekt. Og at me er fordomsfulle mot andre.

 

Det var ikkje vanskeleg for Yasmin Syed å svare ja til å vere programleiar då NRK Hordaland kom opp med ideen om å lage ein serie om norske dialektar. Ho har alltid elska å leike med språket og dialekten sin. Og ho meiner sjølv at ho er som ein papegøye og elskar å ta etter dialektane til andre.

–  Ordspel er noko eg driv ein del med. Det er ein fin måte å lære seg språk og dialekt på. Ordspel er for meg musikk og noko som ligg mitt hjarte nære, seier Syed.

«Bondsk» dialekt
Ho trur dialekten vår betyr enormt mykje for oss nordmenn.

–  Det er ein stor del av identiteten, kanskje ein større del enn dei yrka me vel. Eg har snakka med mange som føler at dei har mista seg sjølve etter at dei la om dialekten sin, fortel vesttelemarkingen.

Dialekt betyr meir og meir for Syed jo eldre ho blir. Ho pleidde tidlegare å leggja om dialekten for å sleppe å bruke tid på å forklare alle orda, for å sleppe at folk lo av den «bondske» dialekten. Då ho byrja i NRK, hadde ho nesten gjeve opp både nynorsk og dialekt.

–  NRK-jobb tvinga meg inn i det igjen, og det er eg veldig glad for i dag! Då eg var yngre var det nok viktigare å passe inn enn å vise kven eg var og kvar eg var ifrå. No er ikkje det å passe inn så viktig –  heller å vera den eg er, og då er dialekten ein stor del av det.

Fordomsfulle mot dialektar
Ein av tinga ho har funne ut om oss nordmenn etter å ha laga programmet, er at me elskar dialektane her i landet og då særleg vår eigen. Og i tillegg at me alle er meir eller mindre like fordomsfulle mot forskjellige dialektar, av gammal vane. Eller kanskje fordi me er lærte opp til det? Men ho er usikker på om det finst eit «dialekthierarki».

–  Kanskje det ligg nokre føringar igjen frå gammalt av. La oss håpe at dette er på veg ut. Det er absolutt ingen grunn til at nokon skal meine dei har ein finare eller viktigare dialekt enn andre her i landet. Alle dialektar har sin sjarm, seier Syed, som no skal attende som kanalvert på NRK1 og vera programleiar på den klassiske julekonserten til KORK.

Noko alle snakkar om
Syed trur dialektane står sterkt dei fleste stadene i landet.

–  Unntaka kan vera Oslo, der ikkje alle er klare over at dei har dialekt og kanskje Østfold, som er litt flaue. Men dette har eg tru på at er i endring no.

Programmet har vekt mykje merksemd. Mellom anna fekk Syed eit hatbrev frå ein sjåar som meinte ho som utlending umogleg kunne vete noko om norske dialektar. Men 99 prosent av tilbakemeldingane på programmet har vore positive.

–  Når eg ser alle dei tilbakemeldingane me har fått, så forstår eg kor viktig dialektane faktisk er for folk. Dialekt er vel på lik linje med politikk og vêret noko alle snakkar om og hanskast med i det daglege. Når eg har vore ute og møtt folk, så kjem dei heile tida attende til at det er ein viktig del av identiteten, seier Syed. (NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

MEST LESE

Årsmelding for LNK 2025: Rekordmange medlemsbesøk og prosjekt

Det har vore stor aktivitet i LNK i 2025. Nettstadene våre har nådd over 700.000 brukarar i løpet av året. Me har hatt rekordmange...

Tarjei Vesaas» debutantpris til Samlaget-forfattar

Frøland mottek prisen på 80 000 på årsmøtet til Den Norske Forfattarforening denne helga. Juryen seier mellom anna dette om prisvinnar Frøland: «I Tynne rivner av...

Nynorskelevar tar lengre utdanning enn bokmålselevar

Ein studie viser at om elevar bruker nynorsk eller bokmål på skulen, påverkar kor mykje utdanning dei tar. 11 prosent av norske elevar bruker nynorsk...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...