Heim Nyhende Leitar etter ny direktør

Leitar etter ny direktør

– Me er godt i gang med prosessen med å finne ny forlagsdirektør, seier styreleiar i Samlaget, Kristin Bjella.

Det har storma rundt Samlaget i det siste. Først kom det fram i ei kartlegging frå Den norske Forfatterforening at det var Samlaget som hadde dei minst nøgde forfattarane. Så valde Frode Grytten å forlate forlaget. Kort tid etter kom meldinga om at forlagsdirektør Tove Lie gjekk av.

– Ei totalvurdering av situasjonen i forlaget gjer at eg vel å slutte no. Eg har leidd Samlaget gjennom ei rekkje nødvendige endringar, og slikt skapar uro. Eg ønskjer Samlaget alt godt med alle utfordringane dei har, både når det gjeld marknaden på papir og digitalt, bransjesituasjonen, konkurransen om dei gode forfattarane og den viktige jobben med å spreie nynorsk litteratur. Eg vonar at det no vil bli ro og entusiasme i og rundt forlaget, uttalte Tove Lie då i ei pressemelding.

Ikkje hastverk

Forlagssjef for Samlaget Utdanning, Tom Skovdahl, vart konstituert i stillinga. Styreleiar Kristin Bjella uttrykte respekt for at Lie valde å gå, og ynskte henne lukke til vidare.

– Tove Lie har vore ein sterk pådrivar for viktige vedtak om satsing framover, uttalte ho då Lie gjekk av.

No har stormen stilna noko, og arbeidet med å finne arvtakaren til Lie er i gang. Bjella reknar med at utlysinga er klar om kort tid.

– Me har engasjert profesjonell hjelp til å leite fram og velje ut den rette personen, og styret er sjølvsagt direkte og aktivt engasjert i prosessen. Me veit ikkje når vi har ein ny direktør på plass, men me har ikkje hastverk, seier ho. Ho framhevar at det er god stemning i forlaget, og at ein har ein konstituert forlagsdirektør med brei tillit internt og eksternt. Dermed meiner Bjella ein kan bruke den tida som trengs for å finne den rette personen til direktørstillinga. 

Ingen kommentar

Ho vil verken kommentere årsaka til at Tove Lie valde å gå, eller misnøya blant forfattarane i Samlaget.

– Når det gjeld oppseiinga frå Tove Lie tidlegare i vinter, er det kommentert breitt i media tidlegare, og eg ynskjer ikkje å gå attende til dette no. Det same gjeld Frode Grytten, slår Bjella fast.

Finn Totland er i tillegg konstituert som forlagssjef i Samlaget Litteratur til ny forlagssjef er på plass. Totland tek over etter Margit Walsø, som blir direktør i Norla – Senter for norsk skjønn- og faglitteratur i utlandet.

NYNORSK INSPIRASJON

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

MEST LESE

Tarjei Vesaas» debutantpris til Samlaget-forfattar

Frøland mottek prisen på 80 000 på årsmøtet til Den Norske Forfattarforening denne helga. Juryen seier mellom anna dette om prisvinnar Frøland: «I Tynne rivner av...

Nynorskelevar tar lengre utdanning enn bokmålselevar

Ein studie viser at om elevar bruker nynorsk eller bokmål på skulen, påverkar kor mykje utdanning dei tar. 11 prosent av norske elevar bruker nynorsk...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Hurra for Hudd på nynorsk!

Det norske sosiale mediet Hudd er no tilgjengeleg på nynorsk. Med nær 200 000 brukarar i Skandinavia tek selskapet endå eit steg i arbeidet...