Heim Nyhende Leitar etter ny språkdirektør

Leitar etter ny språkdirektør

Det er framleis usikkert kven som blir ny direktør i Språkrådet etter Sylfest Lomheim.

Lomheim går av som direktør i slutten av denne månaden. Etter at styreleiar i Språkrådet, Ida Berntsen har trekt seg er det no nestleiar Magni Øvrebotten som er fungerande styreleiar. Ho seier til Dag og Tid at ein no har dårleg tid.

– Me har ikkje uttalt oss om kandidatar. Det eg veit per i dag er at det framleis vert leita etter kandidatar, seier Øvrebotten til Dag og Tid.

Ho veit ikkje om det stemmer at kulturministeren no forlangar at det blir ein kvinneleg bokmålsdirektør.

– Ikkje det eg veit. Sjølv har eg tenkt at det er greitt at det vert ein bokmålsdirektør no når me har hatt ein nynorskdirektør i nokre år. Meg veit ingenting om kor viktig det er med språk, kjønn og alder. Me har ikkje fått noko signal om det.

Øvrebotten håpar den nye direktøren er på plass så snart som råd og helst før jul. Ho legg også vekt på at den nye direktøren ikkje treng vere ein Lomheim-kopi, men at den personen som tek over må kunne medverke til ein levande debatt om norsk språk.

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...