Heim Nyhende Litterært smuss

Litterært smuss

13 – 17 oktober går Litteratursymposiet i Odda av stabelen. Dette året med smuss på programmet.

Blant anna kan du denne helga bli med inn i Frode Gryttens univers og det mytiske Odda. I Bikubegang får publikum ei vandring i det litterære og det heilt konkrete Odda med opplesingar undervegs. Grytten startar byvandringa utanfor Murboligen og stoppar ved fleire sentrale punkt i Odda.

I fylgje leiaren for Litteratursymposiet, Marit Eikemo, er smuss det skitne og det ureine, bråk og røyk frå industrihistoria. Samstundes som det også er eit anna ord for det tradisjonelt låge i kulturen og kunsten, det enkle og billige. Ikkje minst blir det under Litteratursymposiet eit eige smusforedrag av Kjartan Fløgstad der Fløgstad vil framføre eit nyskrive essay om skilnaden på høg – og lågkulturen. Og der han tek eit oppgjer med elitens forestillingar om den smaklause populærkulturen.

Til Litteratursymposiet kjem også blant andre Hanne Ørstavik, Cathrine Sandnes, Dag Solstad, Ragnar Hovland, Agnes Ravatn og Einar Økland. Les programmet her.

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...

Statsbudsjettet: Regjeringa overser næringslivet som språkarena

Om lag to av tre arbeidstakarar i Noreg er sysselsette i privat sektor. Likevel vil regjeringa gi null kroner til det einaste landsdekkande tiltaket...