Heim Nyhende Statsbudsjettet: Lite fokus på nynorsk i skulen

Statsbudsjettet: Lite fokus på nynorsk i skulen

Håvard B. Øvregård i Noregs Mållag er skuffa over at nynorsk i skulen fekk lite merksemd i statsbudsjettet.

– Noregs Mållag ventar at Kunnskapsdepartementet tek eit krafttak for nynorsken i skulen. Ei betre nynorskundervisning i grunnskulen og vidaregåande skule krev klarare prioritering frå Kunnskapsdepartementet, seier Håvard B. Øvregård i ei pressemelding.

Han meiner utfordringa med å styrke nynorsken i skulen knapt er nemnt i budsjettdokumentet.

Øvregård legg vekt på at det no er viktig at Kunnskapsdepartementet brukar ressursane sine på ein slik måte at kommunane gir elevane god undervisning på nynorsk, læreverk på nynorsk og oppdaterte og kompetente lærarar. I tillegg meiner han det er viktig at departementet stiller krav til korleis fylkeskommunane kjøper inn bøker til vidaregåande skule.

 – Noregs Mållag meiner det er avgjerande at Kunnskapsdepartementet, allereie i statsbudsjettet, gjer det heilt klart at det ikkje vert betalt ut midlar til ulovlege læremiddel. Dette vil seie læremiddel som berre er tilgjengeleg på bokmål, seier Håvard B. Øvregård til nm.no.

Noregs Mållag har sjølv motteke i overkant av 3,6 millionar kroner i støtte frå Kulturdepartementet for å styrke nynorsk skriftkultur.

 

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...