Heim Nyhende Litteratur i dagevis

Litteratur i dagevis

Det blir tevling i bruk av sosiale medium, bokbad og kokkelering under dei femte nynorske litteraturdagane i Aurland.

Litteraturdagane finn stad helga 29. til 31. oktober, og programmet var nyleg lansert. Forfattaren Rønnaug Kleiva opnar kalaset saman med Lars Klevstrand, Jens Brekke, Ola Bremnes og Roy Aron Myklebust. Kleiva var forøvrig festspeldiktar under Dei Nynorske Festspela tidlegare i år.

Frode Grytten, Finn Tokvam, Aina Basso og Magnhild Bruheim er mellom forfattarane som dukkar opp i løpet av helga. Humor vil dessutan vere ein vesentleg del av programmet, og det blir mellom anna standup-galla med Jon Schau, Dag Sørås og Thomas Leikvoll.

Barn og unge vil få sitt i løpet av litteraturfestivalen. Unge kokkar skal lære å lage mat ute, medan ungdommane skal få vise kven som er flinkast til å bruke sitt sosiale medium.

Litteraturdagane i Aurland har blitt arrangert årleg sidan 2006, og det er Aurland kommune som står bak arrangementet.

Heile programmet finst her.

 

NYNORSK INSPIRASJON

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

MEST LESE

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Hurra for Hudd på nynorsk!

Det norske sosiale mediet Hudd er no tilgjengeleg på nynorsk. Med nær 200 000 brukarar i Skandinavia tek selskapet endå eit steg i arbeidet...

Meir enn doblar tilskota til skulebibliotek

Frå i dag kan kommunar søke om midlar til skulebibliotek. Regjeringa har meir enn dobla potten, frå 50 til 103,2 millionar kroner. – Dette er...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...