Heim Nyhende – LNK er meir enn ein språkorganisasjon

– LNK er meir enn ein språkorganisasjon

LNK har nyleg gjennomført ei kartlegging blant lesarane av LNK-avisa og lnk.no. Målet er å kartlegge kva lesarane veit om organisasjonen, og kva dei meiner redaksjonen bør arbeide med vidare. 293 personar har svart på kartlegginga, av desse er 201 abonnentar av LNK-avisa.

Heile 86 prosent svarer at dei les LNK-avisa ofte, medan 47 prosent svarer at dei les kvar utgåve av avisa. Fleirtalet av dei som har svart er tilsette i det offentlege eller lokalpolitikarar, og i stor grad menn i alderen 50 – 59 år. Hordaland er det fylket der flest har svart.

Medan abonnentane av LNK-avisa meiner det er passeleg stoffmengde i dag av saker som til dømes kommunesamanslåing, språkpolitikk i skulen og nynorsk i offentlege selskap så vil 74 prosent lese meir om distriktsutvikling i avisa.

Kartlegginga viser også at lesarane av LNK-avisa og lnk.no er samde i påstanden om at organisasjonen arbeider for å styrke nynorsken i det offentlege rommet, og at LNK kan vere ein rådgjevar og støttespelar for kommunen i språkspørsmål. Medan fleirtalet av dei som har svart er usikre på om det stemmer at LNK arbeider med andre saker enn språk.

– Eg er nøgd med oppslutnaden omkring kartlegginga, men merkar meg at mange trur at LNK framleis er ein rein språkorganisasjon. Det er me ikkje lenger. Det er viktig å få fram at LNK ikkje er noko kamporganisasjon for språk, men ein interesseorganisasjon for medlemene våre – kommunar som har valt å bruka nynorsk, seier dagleg leiar Vidar Høviskelnd.

– I 2001 vedtok landstinget at LNK skulle setja språk inn i ein større samanheng, og me skulle synleggjera samanhengane mellom språk, identitet, kultur og næringsutvikling. Dei svara me har fått inn i denne brukarkartlegginga tyder på at me må bli endå meir tydelege på dette området.

205 har svart at dei fekk vite om LNK via kommunen sin, andre svar er Noregs Mållag, Dag og Tid, Facebook og tips frå venner og kjende.

 

Les meir om LNK på lnk.no

facebook.com/lnk

lnk.no/lnk

 

For meir informasjon

ta kontakt med

 

dagleg leiar i LNK

Vidar Høviskeland

90 50 66 17

 

NYNORSK INSPIRASJON

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

Seks fine julebøker på nynorsk

Mange skular og barnehagar bruker adventstida til høgtlesing kvar dag. Her får du tips til fleire gode bøker på nynorsk med god...

Vil gi utviklingsstøtte til fleire nynorske produksjonar i Den kulturelle skulesekken

Kulturtanken, Seanse, Høgskulen i Volda og fleire fylkeskommunar samarbeider om å få meir nynorsk i Den kulturelle skulesekken i ei heilt ny...

Voss herad er Årets nynorskkommune: – Det same som verdsmeister i nynorsk

Kulturdepartementet heidrar Voss herad for klar og tydeleg informasjon på nynorsk under koronakrisa. – OL-og VM-medaljer har me i bøtter...

MEST LESE

Språksjov-Linda vedgår: – Mange vil gjerne inn i skåpet mitt

Dette er det andre intervjuet i årets sommarserie. Mykje moro og mange bilete av den fargerike vossingen og sjefen for den populære...

Guri Vesaas får Storegutprisen under Litteraturdagane 2022

På Litteraturdagane i Vinje blir tidlegare redaktør i Det Norske Samlaget, Guri Vesaas, heidra med Storegutprisen. Ho får prisen spesielt for den...

Rekordtal for nynorskinnhald i Store norske leksikon

I over 100 år var Store norske leksikon (SNL) nesten berre på bokmål. Men etter at SNL og Nynorsk kultursentrum gjekk saman...

Miljøstøtte frå Vestland til Framtida Junior

Framtida Junior vil laga til miljøjournalistkurs for barn og unge fleire stader i Vestland no i haust, og gje ut ei miljøutgåve...