Heim Nyhende LNK til Gol og Ulstein

LNK til Gol og Ulstein

Landssamanslutninga for nynorskkommunar (LNK) legg landstinget sitt til Gol i 2015 og Ulstein i 2017.

 

 

Styret i LNK har bestemt at landstinget skal leggjast til Pers Hotell på Gol i 2015.

Ordførar i Gol, Hallvor Lilleslett, er glad for å få med seg resten av LNK-kommunane til Gol.

– Gol er ein bra stad for å ha stemne og møte. Det er lett å koma til og frå, seier han.

– Nynorsk er viktig for Gol kommune, fordi det er eit av områda Gol kommune kan vise eit særpreg på, og noko me bør vera stolte av. Bruk av nynorsk er også eit kulturpolitisk val.

Regionrådet i Hallingdal er også blant medlemmane til LNK.

– Talemål og skriftspråk heng saman. Regionrådet for Hallingdal er i gang med ein kampanje som heiter Hallingdal 2020. Noko av denne kampanjen handlar om å bevisstgjera dei unge hallingane på mellom anna identitet og kultur. Det skal ikkje stikkast under ein stor at hallingmålet mellom dei unge er i rask tilbakegang, mykje av det trur eg skuldast manglande bevisstgjering. At Regionrådet har vald å melde seg inn i LNK, ser eg på som eit ledd i strategien Hallingdal 2020. Eg vonar dette arbeidet også kan koma hallingmålet til gode i ei eller anna form.

I Hallingdalen er nynorsk administrasjonsspråket i Gol, Ål og Hemsedal.

LES OGSÅ: Profilerte hallingambassadørar

Ulstein i 2017
Landstinget er det høgaste organet til LNK, og blir arrangert anna kvart år. LNK-styret har bestemt at landstinget i 2017 skal leggjast til Ulstein.

Ulstein kommune er ein av medlemskommunane i LNK og har sjølv søkt om å få vera arrangørkommune for landstinget i 2017.

– Me lever i eit nynorskmiljø, og meiner me sjølv gjer ein god nynorskjobb. Me har eit medvite forhold til bruk av nynorsk i kommunen, seier Ulstein-ordførar Jan Berset til LNK.no.

Sjølv er han frå Ålesund, men etter 40 år i Ulstein har han lært seg å bruka nynorsk skriftleg.

Ulsteinvik fekk Statens pris for attraktiv stad i 2012. Berset trur mange av kommunane som kjem til landstinget kan ha interesse av å sjå kva Ulstein har fått til i kommunesenteret sitt.

– Me bruker prisen for det den er verdt i marknadsføringa av kommunen vår, seier Berset.

NYNORSK INSPIRASJON

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

MEST LESE

Gratis nasjonal leseaksjon på nynorsk

Tid for ti er ein nasjonal leseaksjon for elevar på 7. og 8. trinn. Elevane får utdelt ein antologi på papir med utdrag frå ti...

Statsbudsjettet: Alt ligg til rette for nynorskpakke

Alle dei raudgrøne partia foreslår no å løyve millionar til ulike nynorsktiltak i sine alternative statsbudsjett. Dette blir teke svært godt imot av Nynorsk...
LNK håpar no på at stortingsfleirtalet vil auka støtta til arbeidet for barn på nynorsk. Foto: Andreas Haldorsen/Wikipedia/CC BY-SA 4.0-lisens

Fleire parti med nynorskstøtte i alternative statsbudsjett

Alle partia som skal forhandla med Arbeidarpartiet om statsbudsjettet vil gi millionar i støtte til fleire nynorsktiltak. Alle partia på raudgrøn side har lagt fram...

Nynorskstafetten i Ryfylke og på Jæren

Nynorskstafetten er på rundreise i Rogaland i november. Noregs Mållag og Norsk Målungdom fyller opp ein stafettbil med materiell og folk i nynorskens teneste. Nynorskstafetten...