Heim Nyhende Lomheim: – Bra å ta bort sidemålskarakteren

Lomheim: – Bra å ta bort sidemålskarakteren

Språkprofessor Sylfest Lomheim meiner at ein felles karakter for norsk hovudmål og sidemål er av det gode. Han ser ikkje framlegget om å fjerne sidemålskarakteren og – eksamen som eit åtak på nynorsken.

Den tidlegare språkdirektøren har også før argumentert for ei samanslåing av sidemåls- og hovudmålskarakteren i tråd med framlegget til ny læreplan som Utdanningsdirektoratet no arbeider med. Framlegget har denne veka vekt sterke reaksjonar blant målfolk.

– Eg meier at bokmål og nynorsk er norsk, og i ungdomsskolen er det ingen grunn til å ha noko anna enn éin karakter i norsk, same kor viktig faget er. Det må innebere skriftleg øving og vurdering som basis for norskkarakteren både i hovudmål og sidemål, seier Lomheim til vekeavisa Dag og Tid.


Sidemålet like viktig

Han strekar under at karakteren sjølvsagt ikkje kan vere ein karakter i hovudmål åleine, slik somme kanskje trur.

– Ingenting tyder på at Kristin Halvorsen meiner det heller. Det skal setjast karakter både i hovudmål og sidemål, men på vitnemålet skal det stå berre éin karakter, seier Lomheim – utan å seie noko om kva vektforholdet mellom sidemål og hovudmål bør vere.

Nynorskforkjemparen meiner målfolk har meir å hente på å krevje høgare kvalitet i norskundervisninga enn å insistere på sidemålskarakter. For norskfaget er ikkje godt nok, meiner Lomheim.

– Det er altfor vidt, og det er for mykje evaluering og karaktersetjing. Lærarane yter ikkje god nok undervisning i norsk og i rettskriving.

 

Fordomsfulle norsklærarar

Lomheim synest heller ikkje lærarutdanninga i norsk er god nok. Fordomsfulle norsklærarar er ein del av problemet.

– Når norsklærarar gir uttrykk for at dei ikkje skjønner poenget med å undervise i sidemål, er det så opprørande at det er vanskeleg å finne ord, seier Sylfest Lomheim.

Slik han ser det, må all sidemålsundervisning starte frå første time med ein diskusjon om fordommar, elles kan resultatet aldri bli bra.

– Utan å plukke ned ein del fordommar er nynorskundervisning umogleg, seier Sylfest Lomheim, som er professor i nordiske språk ved Universitetet i Agder. (NPK)

Førre artikkelNy organisasjon på plass
Neste artikkelEndeleg nynorsk

NYNORSK INSPIRASJON

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

Seks fine julebøker på nynorsk

Mange skular og barnehagar bruker adventstida til høgtlesing kvar dag. Her får du tips til fleire gode bøker på nynorsk med god...

Vil gi utviklingsstøtte til fleire nynorske produksjonar i Den kulturelle skulesekken

Kulturtanken, Seanse, Høgskulen i Volda og fleire fylkeskommunar samarbeider om å få meir nynorsk i Den kulturelle skulesekken i ei heilt ny...

MEST LESE

– Alt gjer seg betre på nynorsk

Prisvinnar Øystein Furevik gir folk nynorsk i ei verd prega av engelsk. For han er nemleg alt betre på nynorsk. – For meg er nynorsk...

Nynorsk kultursentrum stiller opp for Det Norske Teatret

Det Norske Teatret troppa opp på Festspela for å lansere si nye kampanje for å tette finaniseringsgapet som har utvikla seg samanlikna med Nathionaltheatret....

Nynorsk barnelitteraturpris til Markus Lantto og Camilla Kuhn

Forfattar Markus Lantto og illustratør Camilla Kuhn har fått Nynorsk barnelitteraturpris 2022 for boka Kåre og Marimba hjelper til gjeven ut på Samlaget. – Juryen...

Ber storsamfunnet syta for at retten til eige språk og kultur er reell

Landstinget til LNK Nynorskkommunane kom med støtte til samar, kvener, norskfinnar og skogfinnar. – Me i LNK Nynorskkommunane var samla til landsting same dag som...