Heim Nyhende - Må spele på lag

– Må spele på lag

By og land må spele på lag dersom me skal hindre at Noreg deler seg i to, skriv kommunal – og regionalminister Liv Signe Navarsete (Sp) i Aftenposten.

 

Ho deltok tidlegare denne månaden i eit ordskifte som Aftenposten arrangerte der ein stilte spørsmålet om kvifor hatet mot hovudstaden var så sterkt i landet. Det er ikkje Navarsete samd i.

– Eg kjenner meg ikkje att i påstanden, tvert om. Oppfatninga om at konflikten mellom sentrum og periferi overskygger andre motsetnader, er seigliva. Å snakke om hat gjev lite meining. Me har og skal framleis ha ein sterk hovudstad og ein politikk retta inn mot dei spesielle behova Oslo har. Samstundes skal me ta heile landet i bruk, skriv ho i eit lesarbrev.

Ho la vidare vekt på at landet har kommunar og regionar med ulik utviklingstakt.

– Folkesetnaden endrar seg saman med næringsstrukturen. Landet lever og er i endring. Det må politikken fange opp, og me politikarar må handtere dei konfliktane som oppstår.

Navarsete meiner valfridom og attraktive arbeidsplassar i distrikta kan føre til at heile landet blir tatt i bruk og viser til utvalet som regjeringa har sett ned for å skaffe fleire kompetansearebeidsplassar til distrikta.

 

NYNORSK INSPIRASJON

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

MEST LESE

Meir enn doblar tilskota til skulebibliotek

Frå i dag kan kommunar søke om midlar til skulebibliotek. Regjeringa har meir enn dobla potten, frå 50 til 103,2 millionar kroner. – Dette er...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Fleire foreldre i Rogaland vel nynorsk for borna sine

119 fleire førsteklassingar i Rogaland har nynorsk som opplæringsmål i dette skuleåret. Andelen nynorskelevar aukar blant dei yngste elevane. – Eit lurt val! seier nynorskagent...