Heim Nyhende Mæland tøffare mot ulovlege innkjøp

Mæland tøffare mot ulovlege innkjøp

Det er for lett å sleppe unna med ulovlege offentlege innkjøp, meiner næringsminister Monica Mæland (H). No sender ho forslag til endringar i innkjøpsreglane ut på høyring.

 

– Handhevinga av regelverket mot ulovlege direkte innkjøp er ikkje god nok. Difor vil eg gje Klagenemnda for offentlege innkjøp (KOFA) moglegheit til å påleggje gebyr og bringe saker inn for retten, seier Mæland.

KOFA får i dag ei rad klager på ulovlege direkte innkjøp, men kan etter ei lovendring i 2012 berre uttale seg om at det har skjedd eit lovbrot. Det får ingen rettslege konsekvensar for oppdragsgjevaren.

– Dagens ordning der leverandørane må gå til domstolane for å handheve grove brot på innkjøpsreglane har rett og slett ikkje vore effektiv nok, seier Mæland.

Dersom Mæland får det som ho vil, kan klagenemnda enten kunne påleggje gebyr for brot på reglane eller bringe ei sak inn for retten for å få kontrakten kjent utan verknad. Der nemnda fastslår at oppdragsgjevar har gjort eit ulovleg direkte innkjøp, kan straffa bli eit gebyr på inntil 15 prosent av verdien på innkjøpet.

Fristen for å komme med innspel til høyringsforslaget er sett til 14. august. (©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

MEST LESE

Årsmelding for LNK 2025: Rekordmange medlemsbesøk og prosjekt

Det har vore stor aktivitet i LNK i 2025. Nettstadene våre har nådd over 700.000 brukarar i løpet av året. Me har hatt rekordmange...

Tarjei Vesaas» debutantpris til Samlaget-forfattar

Frøland mottek prisen på 80 000 på årsmøtet til Den Norske Forfattarforening denne helga. Juryen seier mellom anna dette om prisvinnar Frøland: «I Tynne rivner av...

Nynorskelevar tar lengre utdanning enn bokmålselevar

Ein studie viser at om elevar bruker nynorsk eller bokmål på skulen, påverkar kor mykje utdanning dei tar. 11 prosent av norske elevar bruker nynorsk...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...