Heim Nyhende Magni Øvrebotten er tildelt Målprisen 2018

Magni Øvrebotten er tildelt Målprisen 2018

– Noregs Mållag gjev Målprisen til Magni Øvrebotten fordi ho alltid har vore offensiv, på vegne av journalistikken og nynorsken, seier Inger Johanne Sæterbakk, styremedlem i Noregs Mållag.

Magni Øvrebotten er leiar for NRK Nynorsk mediesenter i Førde. Ho kjem frå Botnane i Bremanger og bur i Naustdal. Ho har vore leiar for Nynorsk mediesenter sidan starten i 2004.

– I rolla som distriktsredaktør i NRK Sogn og Fjordane argumenterte ho mot at distriktskontoret i Sogn og Fjordane skulle leggjast under NRK Hordaland. At NRK Sogn og Fjordane fekk halde fram som eige distriktskontor, har betydd svært mykje for nynorsken, og for å få nynorske saker på dagsordenen. Og at NRK Nynorsk mediesenter vart oppretta, var beint fram eit politisk under, seier Inger Johanne Sæterbakk .

– Magni Øvrebotten er ikkje berre eit nynorsk førebilete i mediebransjen. Ho er også eit førebilete for oss i målrørsla, ja for alle som kjempar for ei politisk sak. Denne viljen til språk som Magni har synt, gir oss pågangsmot.

– Ho har inspirert og motivert mange unge journalistar til å kaste seg ut i den nynorske journalistiske verda. Kvar dag set desse språkleg spor etter seg i NRK, og dei set nynorske spor i oss, enten vi er unge eller vaksne, seier Inger Johanne Sæterbakk .

Magni Øvrebotten var svært glad for å ta i mot Målprisen 2018 og takka varmt for prisen.
– Eg vil takke for at Noregs Mållag har eit slikt sterkt engasjement for nynorsk journalistikk. Det treng vi. Eg har tru på at det no kjem fram ein ny redaktørgenerasjon som er litt meir vågale og slepp nynorsken til, seier Magni Øvrebotten

NYNORSK INSPIRASJON

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

MEST LESE

Fleire foreldre i Rogaland vel nynorsk for borna sine

119 fleire førsteklassingar i Rogaland har nynorsk som opplæringsmål i dette skuleåret. Andelen nynorskelevar aukar blant dei yngste elevane. – Eit lurt val! seier nynorskagent...

Ny forsking: Få kommunar har plan for bruk av nynorsk – og mange planar er utdaterte

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei oppmodar fleire kommunar til å vedta nye språkbruksplanar. – Det har skjedd...

Gunnhild Øyehaug får nynorskstipend frå Vestland fylkeskommune

Stipendet på 150 000 kr blir delt ut for første gong i år. Gunnhild Øyehaug er ein av dei fremste skjønnlitterære forfattarane i landet. Ho...

Gratis nasjonal leseaksjon på nynorsk

Tid for ti er ein nasjonal leseaksjon for elevar på 7. og 8. trinn. Elevane får utdelt ein antologi på papir med utdrag frå ti...