Heim Nyhende Målblome til Martin Kolberg

Målblome til Martin Kolberg

Martin Kolberg tok landsmøtet i Noregs Mållag med storm då han fredag fekk målblome for sitt arbeid med å få Grunnlova på nynorsk.

Kolberg er ein av dei seks representantane som i 2012 gjorde framlegg om at Grunnlova skal kome på moderne nynorsk og bokmål.

Som leiar av Stortingets Kontroll- og konstitusjonskomité har han stått på for å sikre at Grunnlova skulle få nynorsk språkdrakt.

Høgre varsla fredag at dei ikkje vil ha noko modernisering av språket i Grunnlova. Dermed ser det ut til at framlegget ikkje får fleirtal. Men Kolberg lovar kamp til døra:

– Saka er ikkje tapt før saka er røysta over. Og fell framlegget no, lovar eg på vegner av Ap at vi skal fremje kravet om Grunnlova på nynorsk på nytt, sa Kolberg til ein jublande landsmøtelyd.

Marit Aakre Tennø, leiar i Noregs Mållag, takka leiaren av Kontroll- og konstitusjonskomiteen for innsatsen:

– Det har skjedd mykje i det språkpolitiske landskapet sidan kravet fyrste gong kom opp på starten av 1900-talet. Men no ser det ut til at det språkpolitiske landskapet nok ikkje hadde endra seg så mykje sidan 1906 som me hadde håpa, sa Marit Aakre Tennø, leiar i Noregs Mållag.

– No ser det ut til at Grunnlova på nynorsk kan henge i ein tynn tråd. Men det er ikkje takka vere mannen som no får ein målblome som leiar av Kontroll- og konstitusjonskomiteen, sa Marit Aakre Tennø.

Heile grunngjevinga frå Noregs Mållag:
I eit land med to fullt ut jamstilte språk kan eit språkval aldri vere nøytralt. Når sjølve tufta til landet, Grunnlova, skal moderniserast språkleg, er det difor logisk at ho kjem på båe språka – i jamstilte juridiske versjonar. Å ha ei Grunnlov på fleire språk er på ingen måte unikt for fleirspråklege samfunn.

Kjem Grunnlova på nynorsk, vil Noreg føye seg inn i rekkja av statar som tek omsyn til at dei har fleire nasjonalspråk.

Fyrste gongen Grunnlova vart omsett til nynorsk var i 1875 av læreraren, telegrafisten og målmannen Olav Jakobsson Høyem. Omsetjinga vart den gong publisert under tittelen Noregs grunlov og kom ut i ny utgåve i 1878. Nikolaus Gjelsvik gjorde arbeidet på nytt i 1901, Hans Aarnes i 1945 og Knut Robberstad i 1953, med seinare oppdateringar for fleire av desse.

Det fyrste framlegget i Stortinget om å få vedteke Grunnlova i nynorsk språkdrakt kom i 1906. Den gongen innstilte Konstitusjonskomiteen på å avvise alle forslaga. Framleggsstillarane ville den gong utsetje saka, men oppnådde berre 18 røyster. I Stortinget si utgreiinga om saka står der at det var fleire grunnar til at saka ikkje vart vedteke. Men så: «var nok selve målformen – landsmål – vanskelig å akseptere for det store flertallet på Stortinget i 1906».

Det skulle ta 106 år før saka kom opp att. I 2012 kom spørsmålet på dagsordenen etter at Carl I. Hagen hadde fremja Finn-Erik Vinje si modernisering av riksmålsversjonen. Den vart då avvist av komiteens fleirtal frå Arbeidarpartiet, SV og Senterpartiet fordi dei meinte at «Grunnloven må foreligge i begge de to offisielle målformene i Norge, bokmål og nynorsk. Av denne grunn alene avviser derfor disse medlemmer forslaget fra Hagen og Vinje».
Dei sette ned eit utval leidd av Hans Petter Graver som skulle utarbeide moderniserte versjonar av Grunnlova både på bokmål og på nynorsk. Dette vart til Grunnlovsforslag 25 i førre periode, framsett av Marit Nybakk, Martin Kolberg, Jette F. Christensen, Hallgeir H. Langeland og Per Olaf Lundteigen.
Det har skjedd mykje i det språkpolitiske landskapet på dei 106 åra. Me kunne lese i media i går at det språkpolitiske landskapet nok ikkje hadde endra seg så mykje sidan 1906 som me hadde håpa. No ser det ut til at Grunnlova på nynorsk kan henge i ein tynn tråd. Men det er ikkje takka vere mannen som no skal mottak ein målblome som leiar av Kontroll- og konstitusjonskomiteen. For nokre veker sidan bad Martin Kolberg Stortinget skjerpe seg. Og her held Mållaget med han. Som ein del av fleirtalet i Kontroll- og konstitusjonskomiteen er det Martin Kolberg som har gjort det mogeleg at alle landsmøteutsendingane no kan sitje med eit eksemplar av Grunnlova på nynorsk i mappa si. Og gjev me oss ikkje med dette, og håper at dette vesle heftet snart skal verte historisk

NYNORSK INSPIRASJON

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

MEST LESE

Årsmelding for LNK 2025: Rekordmange medlemsbesøk og prosjekt

Det har vore stor aktivitet i LNK i 2025. Nettstadene våre har nådd over 700.000 brukarar i løpet av året. Me har hatt rekordmange...

Tarjei Vesaas» debutantpris til Samlaget-forfattar

Frøland mottek prisen på 80 000 på årsmøtet til Den Norske Forfattarforening denne helga. Juryen seier mellom anna dette om prisvinnar Frøland: «I Tynne rivner av...

Nynorskelevar tar lengre utdanning enn bokmålselevar

Ein studie viser at om elevar bruker nynorsk eller bokmål på skulen, påverkar kor mykje utdanning dei tar. 11 prosent av norske elevar bruker nynorsk...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...