Heim Nyhende Mållaget etterlyser kandidatar til nynorskpris

Mållaget etterlyser kandidatar til nynorskpris

Veit du om ei verksemd som fortener ros for å nytta nynorsk i næringslivet? Noregs Mållag etterlyser no kandidatar til nynorsk næringslivspris.

 

Juryen for prisen inviterer no lokale mållag og andre til å koma med grunngjevne framlegg til kandidatar som fortener prisen.

I statuttane heiter det at utmerkinga skal fremja innsatsen for og bruken av nynorsk i næringsverksemd, og at alle typar verksemder som ikkje er omfatta av Mållova kan få prisen.

Tidlegare har Skogstad Sport AS, Ægir bryggeri, Kari Traa, Hotel Alexandra, og Lerum AS fått prisen.

Fristen for å koma med framlegg til kandidatar i år er 1. september. (©NPK)

LES OGSÅ: Fristen nærmar seg for å søkja om å bli Årets nynorskkommune

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Språkrådet ber avisene sikre nynorskdelen i framtida

Nynorskavisa Kvinnheringen kan publisere Amedia-tekstar og meiningsinnlegg på bokmål, men trur ikkje dei vil skrive mindre nynorsk framover. – Det som overraska mest var nok...

Litteraturbåten Epos inviterer til litteraturcruise i Hardanger heile sommaren!

No kan du bli med den gamle bokbåten på tur blant bøker, bølger og bygder i Hardanger! Den 61 år gamle båten Epos har vore...

Nynorsk litteratur der ute – og heim igjen

Korleis har litteratur på mindretalsspråket nynorsk enda opp med å vinne internasjonale prisar? Og kvar går vegen vidare? Dette er nokre av spørsmåla du kanskje...

Nynorsk og bokmål må inn i Grunnlova

Det er på høg tid å grunnlovfesta norsk som nasjonalt hovudspråk i Noreg og grunnlovfesta jamstillinga mellom bokmål og nynorsk. Den formelle likestillinga mellom bokmål...