Heim Nyhende Mållaget gratulerer MacDonald's

Mållaget gratulerer MacDonald’s

Kvar haust byter MacDonald’s ut leikene i den populære Happy Meal-menyen sin, og erstattar dei med ei valfri bok. For fyrste gong er det råd å velja ei nynorsk bok, «Pinne, Grisen og vesle vennen» av Lena Anderson. Noko mållagsleiar Marit Aakre Tennø er godt nøgd med.

 

– Det er eit imponerande medvite val av MacDonald’s, seier leiar i Noregs Mållag Marit Aakre Tennø. Å lesa og sjå nynorsk er viktig for alle born. Mange born vil møta nynorsk utan fordommar, og sjå at språket også høyrer heime mellom hamburgar og pommes frites. Slik kan eit hamburgarkjøp kanskje vera med på å bryta ned nokre språklege fordommar. Ikkje minst er «Pinne, grisen og vesle vennen» ei bok som fortener ein mykje større lesekrins enn ho har i dag, seier Tennø.

MacDonald’s lèt ikkje berre kvalitet gå føre språk, men har også gått ut og understreka at dette er eit medvite val som speglar språket til kundane deira.

– Her er det mange føretak som har mykje å læra, seier Tennø.

Boka er å få på MacDonald’s over heile Noreg i ei veke frå i dag.

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...