Heim Nyhende Vil ha meir nynorsk

Vil ha meir nynorsk

– Eg meiner at nynorsk er ein del av kulturarven på eit heilt anna vis enn bokmål. Nynorsk ligg nærare opp til talemålet i vår region og eg ønskjer sjølv å skriva eit moderne nynorsk som er farga av dialekten vår, seier kultursjef i Tysvær kommune, Ingvar Frøyland. Han er også sentral i utviklinga av litteraturfestivalen bLEST. 

– Som nynorskmann og i tillegg kultursjef ønskjer eg jo at nynorsken skal ha framgong også her i Tysvær. Samstundes ser eg også at bokmålet har framgong som del av det me kan kalla ei urbanisering av Tysvær. Det betyr at me som er glade i nynorsk difor må stå ekstra på for å visa at nynorsk er både vakkert og ei språkform som ikkje er underlegen bokmål også i ei moderne tid, slår kultursjefen fast.

Les også : Tysvær blir språknøytral

Kultursjefen er også sentral i utviklinga av litteraturfestivalen bLEST.

– Eit hovudmål med bLEST Litteraturfest er å fremja bøker og lesing breitt både for ulike aldrar og rundt omkring i bygdane i Tysvær. Me inviterer forfattarar som skriv på både nynorsk og bokmål, så denne festivalen er ikkje definert som ein nynorsk bokfestival.

– Den går føre seg kvart år første heile veka av november, noko som fell på same tid som Falturiltu nynorsk barne- og ungdomslitteraturfestival på Stord. Dei siste to år har me hatt felles planleggingsmøte med Falturiltu og me har som mål å utvikla dette samarbeidet tettare, og då først og framst med tanke på å få besøk av nynorskforfattarar som skriv barne- og ungdomsbøker, seier Frøyland.

NYNORSK INSPIRASJON

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

Seks fine julebøker på nynorsk

Mange skular og barnehagar bruker adventstida til høgtlesing kvar dag. Her får du tips til fleire gode bøker på nynorsk med god...

Vil gi utviklingsstøtte til fleire nynorske produksjonar i Den kulturelle skulesekken

Kulturtanken, Seanse, Høgskulen i Volda og fleire fylkeskommunar samarbeider om å få meir nynorsk i Den kulturelle skulesekken i ei heilt ny...

MEST LESE

– Den nye opplæringslova er ikkje god nok for nynorskelevane

Fredag 24. mars 2023 la Tonje Brenna fram forslag til ny opplæringslov. Norsk Målungdom synest det er fleire gode framlegg for nynorskelevane, men at...

Målblome til ålesundordførar Eva Vinje Aurdal

– Norske kommunar er viktige språkaktørar, og mellom 356 nyansar av kommunegrått har språket vårt både bøller og bestevener. Midt i det grå står...

LNK om ny opplæringslov: – Stortinget må sikra meir nynorsk i skulen

Nynorskkommunane (LNK) er glad for at regjeringa vil lovfesta at skulen skal ha skriveprogram som støttar nynorsk, men meiner lova må oppdaterast for å...

Mållaget: – Ny opplæringslov forsterkar den digitale læremiddelkrisa for nynorskelevane

– Situasjonen i nynorskklasseromma er alvorleg. Det sit over 73 000 nynorskelevar ved pultane sine og må bruke digitale læringsressursar på feil språk, seier...