Heim Nyhende Mållaget hevar glaset for Vinmonopolet

Mållaget hevar glaset for Vinmonopolet

Noregs Mållag jublar over at heile 48 av 49 vinmonopol i nynorskkommunar skriv kvit- og raudvin.

 

I 2011 slo Kulturdepartementet fast at mållova òg gjeld Vinmonopolet, noko som betyr at i nynorskkommunar heiter det kvit- og raudvin. Ei ringerunde gjort av Mållaget syner at heile 48 av 49 no har gått over til å profilera seg på nynorsk.

– Det er ei glede å sjå at Vinmonopolet har retta seg etter pålegget frå Kulturdepartementet på eksemplarisk vis. Dei fortener ein skål, seier Marit Aakre Tennø, leiar i Noregs Mållag i pressemeldinga.

Mållaget sender difor ut eit takkebrev til alle dei nynorske vinmonopola, der det òg er lagt ved Nynorsk verksemd-klistremerke. Nynorsk verksemd er Mållaget sin kampanje for å heidra nynorsk i næringslivet.

Nye etikettar
På eit av dei største pola i nynorskland, Stord, har dei skilta med raud- og kvitvin og musserande i snart to år. Heilt nyleg la Vinmonopolet om etikettane sine, slik at du òg kan lesa om kvar enkelt vin på nynorsk.

– Eg synest det er veldig viktig for å fremja nynorsken. Når me har to skriftspråk i landet, så må me bruka dei, seier butikksjef på Stord, Kai Rune Olsen. Han er sjølv bokmålsbrukar frå Gjøvik, men støttar profileringa på nynorsk i nynorskkommunane.

– Folk som kjem utanfrå synest jo det er litt eksotisk når dei kjem innom her, legg han til.

LES OGSÅ: Reagerer på nynorsk vin

Nynorsk frå Voss
Det var tidlegare leiar i Voss Mållag, Arvid Langeland, som kjempa fram at Vinmonopolet skulle følgja mållova.

Etter å ha møtt velvilje frå det lokale polet, måtte saka inn til Vinmonopolet sentralt. Der stoppa saka opp og Langeland sendte difor brev til Kulturdepartementet, som slo fast at Vinmonopolet er underlagt mållova.

–  Me tenkjer at det viktigaste vilkåret for at nynorsk er reelt jamstilt er at ein ser at han er i bruk over alt. Det er gjennom bruk at eit språk får prestisje. Det er ein føresetnad for at målet skal eksistera i eit samfunn med to jamstilte språk, som til dels tevlar med kvarandre, forklarar Langeland, som gler seg over at kampen på Voss har gitt resultat landet over.

­­–  Trur du at målfolket drikker meir, når Vinmonopolet nyttar nynorsk?

Langeland ler.

– Eg tvilar på det, men dei går gjerne inn i polet med større glede og rakare rygg.

LES OGSÅ: Folkefleirtal for faremerking av vin

Daglegvarebransjen kan lære
Mållaget meiner at private bør kome etter og utfordrar særleg daglegvarebransjen til å gjere som Vinmonopolet, nemleg å profilere seg på nynorsk i nynorskområde.

– Det syner at å leggje om språket i kjedeprofilering er fullt gjennomførbart. Her har andre, til dømes butikkjeder, noko å lære, seier Tennø.

Dei fleste av nynorskpola, 35 i alt, ligg i vestlandsfylka Møre og Romsdal, Sogn og Fjordane og Hordaland, dei resterande ligg i Buskerud, Oppland, Rogaland og Telemark.

I faktaboksen kan du sjå ei fullstendig liste over alle Vinmonopola som i dag skiltar på nynorsk.

LES OGSÅ: Punkterer myten om at vin er godt for helsa

NYNORSK INSPIRASJON

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

Seks fine julebøker på nynorsk

Mange skular og barnehagar bruker adventstida til høgtlesing kvar dag. Her får du tips til fleire gode bøker på nynorsk med god...

Vil gi utviklingsstøtte til fleire nynorske produksjonar i Den kulturelle skulesekken

Kulturtanken, Seanse, Høgskulen i Volda og fleire fylkeskommunar samarbeider om å få meir nynorsk i Den kulturelle skulesekken i ei heilt ny...

MEST LESE

– Den nye opplæringslova er ikkje god nok for nynorskelevane

Fredag 24. mars 2023 la Tonje Brenna fram forslag til ny opplæringslov. Norsk Målungdom synest det er fleire gode framlegg for nynorskelevane, men at...

Målblome til ålesundordførar Eva Vinje Aurdal

– Norske kommunar er viktige språkaktørar, og mellom 356 nyansar av kommunegrått har språket vårt både bøller og bestevener. Midt i det grå står...

LNK om ny opplæringslov: – Stortinget må sikra meir nynorsk i skulen

Nynorskkommunane (LNK) er glad for at regjeringa vil lovfesta at skulen skal ha skriveprogram som støttar nynorsk, men meiner lova må oppdaterast for å...

Mållaget: – Ny opplæringslov forsterkar den digitale læremiddelkrisa for nynorskelevane

– Situasjonen i nynorskklasseromma er alvorleg. Det sit over 73 000 nynorskelevar ved pultane sine og må bruke digitale læringsressursar på feil språk, seier...