Heim Nyhende Mållaget krev at born møter nynorsk i barnehagen

Mållaget krev at born møter nynorsk i barnehagen

 

Landsmøtet i Noregs Mållag krev at den nye rammeplanen for barnehagane må sikra at alle born, og særleg i nynorskkommunar, får møta nynorsk gjennom språklæringa til barnehagane.

 

Born i nynorske skulekrinsar har spesiell rett til å få grundig kjennskap til nynorsk.

– Barnehagane er ein særs viktig arena for språklæring. Eit mål med opplæringa er å gjera borna klare til skulestart, seier Magne Aasbrenn, nyvald leiar i Noregs Mållag. Born må ha krav på å bli kjende med språket dei skal læra på skulen. Dagens praksis stettar ikkje eit slikt krav.

– Eit grunnleggjande problem er at barnehagelærarutdanninga ikkje tek føre seg korleis barnehagen skal førebu borna på å verta nynorskelevar, seier Magne Aasbrenn. Barnehagelærarar får heller ikkje kompetanse i å gi opplæring om og på nynorsk.

I den gjeldande rammeplanen finst alt ei rekkje formuleringar om samiske born sin rett til å møta samisk i barnehagen. Det viser at språkregulering i barnehagen er mogleg og naudsynt. Ein ny rammeplan for barnehagane skal etter planen verta innført i 2017. Landsmøtet i Noregs Mållag krev at den nye rammeplanen slår fast at born i nynorskkommunar skal ha rett til å møta nynorsk i barnehagen. Dette inneber òg barnehagar i nynorskkommunar, anten dei er offentlege eller private, skal bruka nynorsk i barnehagen.

Stortinget må lovfesta at alt opplæringsmateriell for barnehagen skal vera tilgjengeleg både på nynorsk og på bokmål.
Med desse tiltaka kan me leggja til rette for at framtidige nynorskelevar vert trygge språkbrukarar, og med det sikra den nynorske framtida.

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...