Heim Nyhende Målpris til advokat Steinulf Tungesvik

Målpris til advokat Steinulf Tungesvik

Juristmållaget har gjeve årets målpris til advokat Steinulf Tungesvik. Han har over lang tid vore ein profilert talsmann for nynorsken, både som statssekretær og som leiar i Noregs Mållag.

Juristmållaget vil likevel meina at han alt i 1998 nådde eit høgdepunkt i livet, då han vart leiar i Juristmållaget. Han hadde vervet til han våren 2005 tok over som leiar i Noregs Mållag, før han same haust vart henta som statssekretær. I tillegg har han vore leiar i Studentmållaget i Oslo.

I politikken har Tungesvik sett spor etter seg som statssekretær, i Helse- og omsorgsdepartementet under Bondevik II-regjeringa, og i to periodar i Samferdselsdepartementet i den raudgrøne regjeringa. Mellom anna fekk han saman med minister Liv Signe Navarsete endra haldningane i Samferdselsdepartementet slik at departementet gjekk frå å vera blant dei dårlegaste til mellom dei beste i klassen til å følgja mållova.

I målrørsla har Tungesvik sett spor etter seg mellom anna ved å stå bak forprosjektrapporten Norsk ordbok 2014, minneseminar etter Knut Robberstad, lovmålsseminar for jusstudentar og ved å profilera kampanjen «Slepp nynorsken til», retta mot riksavisene i hovudstaden.

Sidan 2000 har målprisvinnaren arbeidd i advokatfirmaet Kluge både i Oslo og Bergen i dei periodane han ikkje har vore statssekretær. Han har der konsekvent vist at nynorsk er ei levande målform i forretningsadvokatverda.

Prisen vart delt ut på årsmøtet i Juristmållaget i Bergen.

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...