Dirketør Sylfest Lomheim i Språkrådet har fått målprisen av Luster Mållag.
I grunngjevinga som leiaren i Luster Mållag, Oddmund L. Hoel las opp, heiter det:
– Sylfest Lomheim er ei markert og velkjend røyst i kultur-Noreg. Sidan 2003 har han hatt den viktigaste språkstillinga i landet, som direktør for det opprusta Språkrådet. Frå denne posisjonen har han vore med og lagt grunnen for ein offentleg språkpolitikk som i sterkare grad tek situasjonen til nynorsk på alvor.
Luster Mållag legg også vekt på at Lomheim alltid har vore ein god ambassadør for sognamålet, heimbygda Hafslo og Luster.