Heim Nyhende Målpris til Periferifestivalen

Målpris til Periferifestivalen

Periferifestivalen har fått heidersprisen Målkipo 2009 frå Sotra Mållag.

– Det er som å få karakteren S på ein nynorskstil på ungdomsskulen, sa presseansvarleg Helga Golten frå Periferifestivalen då ho takka for prisen frå Sotra Mållag.

Festivalen er i utgangspunktet ein musikkfestival, men har og kunst, litteratur og konferansar på programmet. Dei nyttar konsekvent nynorsk i all marknadsføring.

– Festivalar av liknande slag brukar gjerne både engelsk og halvgodt bokmål for å presentera seg. Slik er det ikkje med arrangøren som held til i sjøkanten på Glesvær. Dei nyttar skikkeleg nynorsk som også er krydra med gode uttrykk frå dialekten på staden, sa Karstein Bjørge, leiar i Sotra Mållag, ifølgje avisa VestNytt.

Sotra Mållag gav også ein Målblome til Sartor Storsenter. Deira «Samfunnsrapport 08» er utelukkande på nynorsk. Mållaget vonar at både senteret og andre verksemder på Sotra ser verdien av å bruka nynorsk i vidare samfunnskontakt og marknadsføring. (©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...

Statsbudsjettet: Regjeringa overser næringslivet som språkarena

Om lag to av tre arbeidstakarar i Noreg er sysselsette i privat sektor. Likevel vil regjeringa gi null kroner til det einaste landsdekkande tiltaket...