Heim Nyhende Målpris til sportsjournalist

Målpris til sportsjournalist

Harald Thingnes i NRK Sport er tildelt Alf Helleviks Mediemålpris. Thingnes får prisen for sitt konsekvente og ledige nynorsk i ein bokmåldominert journalistisk sjanger.

Nemnda som står for tildelinga legg vekt på at Harald Thingnes er ein av få nynorskbrukarar i eteren som formidlar sport, og seier Thingnes viser at sport kan formidlast på ein levande og ekte måte, med eit godt, fargerikt og samstundes normalisert og korrekt nynorsk. Det kan vere ei stor utfordring å føre eit presist og godt språk på direkten når ingenting er skrive ned, men også her viser Thingnes seg stødig, heiter det i ei pressemelding.

Særleg gjennom dei mange reportasjane og direkteinnslaga frå VM på ski i Oslo, har Thingnes vist heile landet kor godt nynorsk fungerer, både i kjensleladde øyeblikk, og gjennom nyheitsreportasjar frå sportsfeltet. Prisvinnaren, som og leiar underhaldningsprogrammet “Nummer 1” på NRK 1, viser at han også meistrar denne sjangeren.

Nemnda er samansett av leiar Audhild Gregoriusdotter Rotevatn, Harald Stanghelle og Ingvild Bryn. Prisen vert delt ut på årsmøtet i Litteraturselskapet Det Norske Samlaget 28.april.

NYNORSK INSPIRASJON

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

Seks fine julebøker på nynorsk

Mange skular og barnehagar bruker adventstida til høgtlesing kvar dag. Her får du tips til fleire gode bøker på nynorsk med god...

Vil gi utviklingsstøtte til fleire nynorske produksjonar i Den kulturelle skulesekken

Kulturtanken, Seanse, Høgskulen i Volda og fleire fylkeskommunar samarbeider om å få meir nynorsk i Den kulturelle skulesekken i ei heilt ny...

MEST LESE

– Alt gjer seg betre på nynorsk

Prisvinnar Øystein Furevik gir folk nynorsk i ei verd prega av engelsk. For han er nemleg alt betre på nynorsk. – For meg er nynorsk...

Nynorsk kultursentrum stiller opp for Det Norske Teatret

Det Norske Teatret troppa opp på Festspela for å lansere si nye kampanje for å tette finaniseringsgapet som har utvikla seg samanlikna med Nathionaltheatret....

Nynorsk barnelitteraturpris til Markus Lantto og Camilla Kuhn

Forfattar Markus Lantto og illustratør Camilla Kuhn har fått Nynorsk barnelitteraturpris 2022 for boka Kåre og Marimba hjelper til gjeven ut på Samlaget. – Juryen...

Ber storsamfunnet syta for at retten til eige språk og kultur er reell

Landstinget til LNK Nynorskkommunane kom med støtte til samar, kvener, norskfinnar og skogfinnar. – Me i LNK Nynorskkommunane var samla til landsting same dag som...