Heim Nyhende Målrørsla jublar for NRK Super

Målrørsla jublar for NRK Super

NRK Super har nådd målet om 25 prosent nynorsk, og NRK har også samla auka nynorskbruken i 2012. Det viser årsrapporten for 2012 som NRK la fram denne veka.

 

– Vi gler oss særleg over den enorme nynorskveksten i NRK Super. Sidan 2010 har dei nær tredobla nynorskdelen sin, seier Inger Størseth Haarr, nyvald leiar for Kringkastingsringen, i ei felles pressemelding frå Kringkastingsringen, Noregs Mållag og Norsk Målungdom.

– NRK Super viser at det er fullt mogleg å nå kravet om 25 prosent nynorsk. Kanalen tek borns språkglede på alvor og forstår at borna tener på å møte meir – ikkje mindre – språk, seier Håvard B. Øvregård, leiar i Noregs Mållag.

– Språkmangfald på barne-TV er særs viktig. Å sjå og høyre meir nynorsk i ung alder, motverkar fordommar og gjer det lettare å lære nynorsk på skulen, seier Vebjørn Sture, leiar i Norsk Målungdom.

I rapporten kjem det fram at NRK har i 2012 hatt ein klar auke i bruken av nynorsk og dialekt. Hovudkanalen NRK P1 har auka nynorskprosenten frå 25 til 30 prosent medan både NRK2 og NRK Super no har nådd målet om 25 prosent nynorsk. NRK P2 når ikkje målet, men er godt på veg og auka nynorskinnslaget frå 15 til 21 prosent. P3 auka nynorskprosenten frå 19 til 22 prosent Leiarane i dei tre målorganisasjonane håpar at NRK Super saman med NRK2 og NRK P1 kan vere til inspirasjon for dei andre NRK-kanalane.

– Fem av åtte NRK-kanalar auka nynorskdelen sin i fjor, og dei tre siste heldt nivået frå 2011. Held denne utviklinga fram, kan NRK feire Språkåret 2013 med å nå målet om 25 prosent nynorsk i alle kanalar. Vi gler oss! lyder den felles oppmodinga frå Haarr, Øvregård og Sture. (NPK)

 

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...