Heim Nyhende Mange små kommunar budsjetterer med underskott

Mange små kommunar budsjetterer med underskott

Heile ein av fem norske kommunar har budsjettert med underskott i 2011. Dei små kommunane er det flest av i denne kategorien.

Det er KS, kommunane sin interesse- og arbeidsgjevarorganisasjon, som har gjort undersøkinga rundt 2011-budsjetta til 283 kommunar.

– Typisk for kommunar som budsjetterer med underskott er at folketalet går ned. Det betyr nedbygging av institusjonar, og det er vanskeleg, seier Helge Eide, som er direktør for interessepolitikk i KS, til Nationen.

Kommunane som er med omfattar 75 prosent av folketalet. Grovt sett vil kommunane halde fram med å bygge ut tenestetilbodet, og stort sett drive vedlikehald som før. Men dei set av litt mindre til investeringar i 2011.

Tala viser også at 80 prosent av kommunane budsjetterer med positivt netto driftsresultat for 2011, 13 prosent av kommunane budsjetterer med netto driftsresultat over dei tilrådde tre prosentane. 20 prosent av kommunane budsjetterer med underskott – negativt netto driftsresultat – og i denne gruppa er altså små kommunar overrepresentert.

Kommunesektoren er elles prega av sterk vekst dei siste åra.

– Finanskrisa ramma privat sektor, seier sjefsøkonom Per Richard Johansen i KS.

Ei oversikt over kommunane sin økonomi viser at dei har auka inntektene, men fått avgrensa handlingsrommet.

– Kommunane må stramme inn på utgiftene til drift og investeringar i åra som kjem, om ikkje vil gjelda stange opp mot 160 prosent av driftsinntektene, seier Johansen.

Førre artikkelVil ha meir språkrøkt
Neste artikkelTar attval

NYNORSK INSPIRASJON

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

Seks fine julebøker på nynorsk

Mange skular og barnehagar bruker adventstida til høgtlesing kvar dag. Her får du tips til fleire gode bøker på nynorsk med god...

Vil gi utviklingsstøtte til fleire nynorske produksjonar i Den kulturelle skulesekken

Kulturtanken, Seanse, Høgskulen i Volda og fleire fylkeskommunar samarbeider om å få meir nynorsk i Den kulturelle skulesekken i ei heilt ny...

Voss herad er Årets nynorskkommune: – Det same som verdsmeister i nynorsk

Kulturdepartementet heidrar Voss herad for klar og tydeleg informasjon på nynorsk under koronakrisa. – OL-og VM-medaljer har me i bøtter...

MEST LESE

Språksjov-Linda vedgår: – Mange vil gjerne inn i skåpet mitt

Dette er det andre intervjuet i årets sommarserie. Mykje moro og mange bilete av den fargerike vossingen og sjefen for den populære...

Guri Vesaas får Storegutprisen under Litteraturdagane 2022

På Litteraturdagane i Vinje blir tidlegare redaktør i Det Norske Samlaget, Guri Vesaas, heidra med Storegutprisen. Ho får prisen spesielt for den...

Rekordtal for nynorskinnhald i Store norske leksikon

I over 100 år var Store norske leksikon (SNL) nesten berre på bokmål. Men etter at SNL og Nynorsk kultursentrum gjekk saman...

Miljøstøtte frå Vestland til Framtida Junior

Framtida Junior vil laga til miljøjournalistkurs for barn og unge fleire stader i Vestland no i haust, og gje ut ei miljøutgåve...