Maria Parr er Årets nynorskbrukar 2010. Ho får prisen for utsøkt evne til å skape klok og sterk litteratur som gjer det mogleg for born og unge å få meir nærkontakt med nynorsk.
Parr syner kva som er mogleg og at mykje må gjerast i i norsk litteraturpolitikk for å utvikle meir godt lesestoff for born og unge på nynorsk, seier styret i Nynorsk kultursentrum i si grunngiving for tildelinga.
Prisen på 50 000 kr blir delt ut under opningshøgtida for Dei nynorske festspela 24. juni.