Heim Nyhende Maria Parr kjem til landstinget til LNK

Maria Parr kjem til landstinget til LNK

 

Sjå smakebitar frå programmet til Landstinget til LNK 8.-9.juni!

Sist veke blei det klart at Maria Parr kjem med bok til hausten, åtte år etter at ho gav ut den andre boka si Tonje Glimmerdal i 2009.

Keeperen og havet blir namnet på den nye boka som er ein frittståande oppfølgjar til Vaffelhjarte, som kom i 2005.

– Det er ei ganske annleis bok enn Vaffelhjarte, samstundes som det er veldig godt å vera tilbake i dette universet. Det er karakterar eg har blitt veldig glad i, og som eg har hatt med meg heile livet, fortel Parr til Framtida.no.

8. juni kjem ho til landstinget til LNK i Ulsteinvik, der ho avsluttar det eine temaet for denne dagen; biblioteket som språkformidlar.

Nynorskkonvertitt og leiar i Norsk Bibliotekforening Mariann Schjeide og Mona Iren Auganæs, biblioteksjef i Ulstein og Siri Ingvaldsen, fylkesbiblioteksjef i Sogn og Fjordane snakkar før henne om biblioteka si rolle som nynorskformidlarar.

Nynorsk i næringslivet

Landstinget byrjar med nynorsk i næringslivet som tema.

Åse Wetås, direktør i Språkrådet, og innleier om nynorsk i næringslivet.

Kommunikasjonssjef Ellen Kvalsund i Kleven, dagleg leiar Geir Steinar Vik i Destinasjon Ålesund & Sunnmøre og Olav Sindre Kriken, seniorrådgjevar i digitalbyrået RACER deltar etterpå i samtale om nynorsk i arbeids- og næringslivet.

Nynorsk i kommunereforma

Fredag 9. juni er temaet nynorsk, kommunereform og lokaldemokrati. Tom Hetland, kommentator og tidlegare sjefredaktør i Stavanger Aftenbladet innleier til politisk debatt om lokaldemokrati. Helge André Njåstad (Frp), Liv Signe Navarsete (Sp), Terje Breivik (V), Magne Rommetveit (Ap) og Svein Harberg (H) møter til debatt om språk og kommune- og regionreform.

Meld deg på landstinget her!

 

NYNORSK INSPIRASJON

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

Seks fine julebøker på nynorsk

Mange skular og barnehagar bruker adventstida til høgtlesing kvar dag. Her får du tips til fleire gode bøker på nynorsk med god...

Vil gi utviklingsstøtte til fleire nynorske produksjonar i Den kulturelle skulesekken

Kulturtanken, Seanse, Høgskulen i Volda og fleire fylkeskommunar samarbeider om å få meir nynorsk i Den kulturelle skulesekken i ei heilt ny...

Voss herad er Årets nynorskkommune: – Det same som verdsmeister i nynorsk

Kulturdepartementet heidrar Voss herad for klar og tydeleg informasjon på nynorsk under koronakrisa. – OL-og VM-medaljer har me i bøtter...

Fem bibliotek kan bli nynorskfyrtårn

På landsmøtet i Noregs Mållag i helga lanserer direktør i Nynorsk kultursentrum Per Magnus Finnanger Sandsmark ei ny satsing på nynorskformidling i...

MEST LESE

Opplæringslova må sikre likeverdig digital skulekvardag

Nynorskelevane har i dag ein digital skulekvardag som er heilt dominert av skjermtekstar på bokmål. Ei kraftig kursendring må til for å...

Brageprisen til Erlend Skjetne og Jon Fosse

Forfattar Erlend Skjetne får Brageprisen for den første ungdomsboka si, «Eit anna blikk». Brageprisvinneren fortel historia med unge Anwars...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

NRK Super får reaksjonar for BlimE!-satsing utan nynorsk

Då lærar Hilde Boksasp Lerum bad NRK om å få undervisingsopplegget til BlimE!-aksjonen på nynorsk fekk ho beskjed om å sende dei...