Heim Nyhende Melsomprisen til Gunstein Bakke

Melsomprisen til Gunstein Bakke

Forfattar Gunstein Bakke har fått Melsomprisen 2011 for boka  Maud og Aud. Ein roman om trafikk (2011). 

Ola E. Bø, Hilde Sandvik og Brit Bildøen har vore jury for prisen, og i deira grunngjevinga for tildelinga heiter det: 

«Melsomprisvinnaren 2011 tar lesaren med inn på velkjente, men òg uoversiktlige vegar. For her er vegen ikkje berre målet, men òg sjølve åstaden. Vegen er romanens estetikk. Vegen er romanens språk, med bratte kurver, uventa dumpar, mørke avstikkarar. Gunstein Bakkes roman ”Maud og Aud” har undertittelen: ”Ein roman om trafikk”. (…)

Romanen er også eit forviklingsdrama, ei gåte. Og den er mykje meir. Romanen er eit treffpunkt. Mellom kjøtet og teknologien. Teknologien og naturen. Naturen og det groteske. Det groteske og det vakre. Og gjennom alle desse møta flyt språket, ragar språket, briljerer språket, utfordrar språket vår førestellingsevne. Gunstein Bakke skriv med ein sjeldan språkleg presisjon. Kvar setning er som ein boksopnar som flerrar opp nye felt. (…)

Å lese ”Maud og Aud” er ei svimlande reise som kan gjere ein både oppstemt og skrekkslagen. Denne reisa er verdt ein pris. Prisvinnaren utfordrar refleksjonsevna. Det er berre å halde godt i rattet!»

Den 44 år gamle forfattaren Gunstein Bakke debuterte i 2000, han har gitt ut tre romanar og ei diktsamling. Den tredje romanen, Maud og Aud. Ein roman om trafikk (2011), vart nominert til Brageprisen, P2-lytternes romanpris, årets beste nynorskbok i avisa Dag og Tid og Sørlandets litteraturpris, og no har Bakke altså fått Melsomprisen for denne. 

Melsomprisen er på 40 000 kroner og vert delt ut kvart år til ein forfattar eller omsetjar som i året før har gitt ut ei bok som «efter sitt innhold kan egne sig til folkelæsning og masseutbredelse», slik det heiter i føremålet til prisen. Prisen for 2011 vart delt ut av forlagsdirektør Edmund Austigard i Det Norske Samlaget under opninga av Litteratursymposiet i Odda denne veka. Det er Det Norske Samlaget som styrer prisen. 

Tidlegare vinnarar av prisen er m.a. Jon Fosse, Maria Parr og Edvard Hoem.

 

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...