Heim Nyhende Skårar høgt på kultur

Skårar høgt på kultur

 

Gloppen kommune gjer det godt på kultur. – Me har eit variert tilbod, seier kultursjef Jan Kjetil Øygard. 

 

Kvar veke viser vi deg eit glimt

frå ein av kommunane som er med i LNK.

Denne veka: Gloppen

Nytt frå Gloppen:

Dette forverrar situasjonen
Kunstvegen er 12 mil

Aktuelle lenker:
Gloppen kommune
Firda Tidend
Flickr
Facebook

 

 

 I fjor toppa kommunen lista over dei beste kommunane på kultur i Norsk kulturindeks som Telemarksforsking står bak. I år kom dei på tredjeplass – berre slått av Vadsø på sølvplass og Røros som tronar på toppen. 

Øygard meiner ein kan takke frivillige hender, samt ei brei satsing på festivalar, bibliotek og kulturskule for at kommunen skårar så høgt. 

– Me har mange festivalar i løpet av eit år, alt frå countryfestival, bluesfestival, filmfestival, folkemusikkfestival og festival for klassisk musikk. 

– Er det marknad for så mange festivalar? 

– Ja, det trur eg. Men det er klart det ikkje er berre -berre å arrangere festival i klassisk musikk. Ein må formidle innhaldet i festivalen ut til folk, slår Øygard fast. 

Også i Gloppen er det ei utfordring å finne rom til kulturelle investeringar i det kommunale budsjettet. 

– Me har investert stort i bygningsmasse no i saman med fylkeskommunen, så det blir ein tøff budsjettrunde for å finne midlar til drift. Me har allereie starta med eigedomsskatt for å finansiere det. 

Når Øygard snakkar om utbygging snakkar han om bygging av Kulturhuset Trivselshagen der ein finn kulturbygg, kulturskule, symjehall, kafè, bibliotek og kino. Eit bygg som kosta 290 millionar kroner. 

Øygard trekk også fram miljøet rundt Firda vgs som eit kompetansemiljø som gir fleire synergieffektar i kulturmiljøet. 

Sjå korleis din kommune skårar på Norsk kulturindeks

NYNORSK INSPIRASJON

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

MEST LESE

Strålande tilbakemeldingar for nasjonal språkkonferanse på Nynorskhuset

Sambuarane på Nynorskhuset i Førde laga til ein nasjonal språkkonferanse med «Skal vi snakke om det?». – Vi har fått utruleg masse gode tilbakemeldingar, både...

Feirar nynorskveka over heile landet

– Me oppmodar alle til å skriva nynorsk denne veka. Alle som ikkje skriv nynorsk til vanleg, kan bruka veka til å prøva seg...

Kvar fjerde 10.-klassing får ikkje karakter i sidemål – Noregs Mållag reagerer

Det store talet på elevar som får fritak frå sidemål er ei stor utfordring for den obligatoriske sidemålsopplæringa i skulen, meiner landsmøtet i Noregs...

Slik vil Noregs Mållag nå éin million nynorskbrukarar innan 2050

Landsmøtet i Noregs Mållag ønskjer seg éin million nynorskbrukarar innan 2050. I denne fråsegna legg dei ein plan for korleis dette kan gjerast. Dei siste...