Heim Nyhende Miljøstøtte frå Vestland til Framtida Junior

Miljøstøtte frå Vestland til Framtida Junior

Framtida Junior vil laga til miljøjournalistkurs for barn og unge fleire stader i Vestland no i haust, og gje ut ei miljøutgåve til minst 8000 sjetteklassingar.

No har Vestland fylkeskommune bestemt å støtta tiltaket med 50.000 kroner.

– Me er veldig glade for støtta frå fylkeskommunen, og ser på det som ei anerkjenning av arbeidet vårt for å visa fram og auka engasjementet til barn og unge, seier redaktør Svein Olav B. Langåker i Framtida Junior.

I tildelingsbrevet står det at prosjektet er vurdert som eit særskilt haldningsskapande arbeid for klima og miljø. Prosjektet skårar i tillegg høgt på vurderingskriterium «handlingsretta tiltak» og «prosjektet/tiltaktet sin effekt på klima og miljø».På kursa vil barn på mellomtrinnet og ungdommar få kurs i å laga skuleavis og tips til lokale klima- og miljøtiltak som dei kan undersøka og skriva om.

Framtida Junior vil òg laga til ei miljøutgåve som blir sendt ut til minst 8000 sjetteklassingar no i haust og arrangererer òg skrivekonkurranse for barn.

– Målet vårt med prosjektet er å bidra til å auka og visa fram miljøengasjementet til barn og unge i heile fylket og bidra med kunnskap til barn og unge om miljøutfordringar og miljøløysingar og korleis dei kan delta og bidra, seier Langåker.
Framtida Junior er verdas einaste nynorske avis for barn mellom 7-13 år, og blir gjeve ut av Landssamanslutninga av nynorskkommunar.

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...

Statsbudsjettet: Regjeringa overser næringslivet som språkarena

Om lag to av tre arbeidstakarar i Noreg er sysselsette i privat sektor. Likevel vil regjeringa gi null kroner til det einaste landsdekkande tiltaket...