Heim Nyhende Styret på plass i Stiftinga Litteraturbåten Epos

Styret på plass i Stiftinga Litteraturbåten Epos

Ruth Ørnholt er den fyrste styreleiaren i Stiftinga Litteraturbåten
Epos. Med det fortset medvinden for Epos.

Ørnholt har vore fylkesbiblioteksjef i Hordaland sidan 2002, og har lang
og engasjert erfaring som organisasjonsmenneske innan biblioteksektoren.
Idet ho no går av med pensjon, tek ho no roret som styreleiar for
Litteraturbåten. Ho har også vore ansvarleg for Bokbåten Epos i
Hordaland i mange år, og kjenner Epos inn og ut.

– Dette blir utruleg spennande, og eit verv eg tek på meg med stor
glede. Det er veldig mange som heiar på Litteraturbåten, og me har store
ambisjonar for kva me kan få til, seier Ørnholt i ei pressemelding.

Det nye styret for litteraturbåten sit til saman på nær 200 år med
erfaring frå kultur- og litteraturlivet på Vestlandet, og
Litteraturbåten kunne ikkje fått eit betre startlag enn dette.

Styret i Litteraturbåten Epos:
Ruth Ørnholt (tidlegare fylkesbibliotekar)
Marit Aakre Tennø (styreleiar Bokbyen)
Trond Leirvik Onarheim (festivalkoordinator Falturiltu)
Geir Netland (leiar Olav H. Hauge-senteret)
Henriette Tøssebro (advokat)
Stig Holmås (forfattar og bokbåtaktivist)
Olav Steinar Namtvedt (Alver kommune)

Ørnholt er svært nøgd med styret ho skal leie:

– Her har me eit stjernelag av litteraturkompetanse, og det kunne ikkje
vore ei betre gruppe som skulle jobbe for å få litteraturbåten til å
lukkast.

Stiftinga Litteraturbåten Epos vart stifta av den regionale
litteraturorganisasjonen Tekstallianse våren 2022. I midten av juni
tiltredde dagleg leiar Maria Pile Svåsand.

Litteraturbåten Epos skal inspirere til auka interesse for litteratur,
saksprosa og kritikk, og ha særskilt fokus på nynorsk. Båten vil gå over
heile vestlandet.

Stiftinga skal gjennom aktivitetar i båten – som seminar, debattar,
opplesingar, konsertar, utstillingar, skule- og barnehagebesøk,
skrivekurs og liknande – inspirere til auka interesse for norsk og
internasjonal skjønnlitteratur, sakprosa og kritikk, med eit særleg auge
for det nynorske skriftspråket.

Stiftinga skal med litteraturbåten skape ein møteplass i distrikta på
Vestlandet som skal fremje interesse for litteratur, ordskifte og lokal
historie, i tillegg til å vere ein arena for alle kultur- og
kunstuttrykk. Stiftinga skal arbeide for å styrke lokalt samarbeid om
aktivitetar knytte til litteratur, kultur og historie, og bidra til
erfaringsutveksling og kompetanseheving på Vestlandet.

M/S Epos er spesialbygd til å vere bokbåt, og har sidan 1963 gått i
bokfart langs vestlandskysten. Den var tidlegare finansiert gjennom
fylkesbiblioteka, men opererer no som eiga stifting som litteraturbåt.

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...

Statsbudsjettet: Regjeringa overser næringslivet som språkarena

Om lag to av tre arbeidstakarar i Noreg er sysselsette i privat sektor. Likevel vil regjeringa gi null kroner til det einaste landsdekkande tiltaket...