Heim Nyhende Milliongåver til Garborgsenteret

Milliongåver til Garborgsenteret

Stiftinga Fritt Ord og Sparebankstiftelsen DnB NOR har begge no løyvd 1,5 millionar kroner i gåve til Nasjonalt Garborgsenter.

Millionane skal brukast til å bygge opp utstillingsdelen i Garborgsenteret.

– Dette betyr at me tar eit langt skritt mot å fullføre utstillingsarbeidet. No blir det mogleg å finansiere det som har vore vårt mål, seier prosjektleiar i Nasjonalt Garborgsenter Einar Schibevaag.

Viktig med ungdom

Fritt Ord arbeider for å verne om og styrkje ytringsfridomen i Noreg, særleg ved å stimulere til levande debatt og den uredde bruken av det frie ordet. Fritt Ord har også tidlegare løyvd 200.000 til forprosjektfasten til Garborgsenteret. No støttar dei senteret med 1,5 millionar kroner. Det same gjer Sparebankstiftelsen DnB NOR. Stiftinga støttar prosjekt som skaper engasjement, har verdi over tid, som involverer frivillige og som gir eit positivt bidrag til barn og unge.

Sissel Karlsen i Sparebankstiftelsen DnB NOR legg vekt på at stiftinga svært sjeldan støttar offentlege og statlege tiltak.

– Noko av det som vart avgjerande her var at Garborgsenteret har invitert inn ungdom til å delta i utforminga av senteret, og til å meine noko. For oss var det viktig at senteret ynskjer å skape samfunnsengasjement blant barn og unge, seier Karlsen.

Øyremerkte midlar

Sparebankstiftelsen DnB NOR har øyremerkte midlane til medierommet i utstillinga på senteret. Ein av visjonane på senteret er at barn og unge skal lære ved å gjere, ein visjon dei også deler med resten av Jærmuseet.

Garborgsenteret skal vere ein nasjonal base for å drive opplysing for – og samla informasjonar om – verket og livet til Arne og Hulda Garborg. Det skal vere eit fagleg senter med sikte på å drive forskning og fordjuping i litteraturen og livet til Arne og Hulda Garborg. Senteret vil få ein forskningsdel, ein formidlingsdel og ein utstillingsdel. I fjor løyvde regjeringa 7 millionar kroner til å bygge opp innhaldet i senteret. I tillegg har blant anna Time Sparebank alt løyvd 2 millionar kroner.

 

Førre artikkel– Rett val å ta
Neste artikkelRådmenn er menn

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...

Statsbudsjettet: Regjeringa overser næringslivet som språkarena

Om lag to av tre arbeidstakarar i Noreg er sysselsette i privat sektor. Likevel vil regjeringa gi null kroner til det einaste landsdekkande tiltaket...