Heim Nyhende - Rett val å ta

– Rett val å ta

Fire år har gått sidan Vindafjord og Ølen i Rogaland slo seg saman til ein kommune. – Vi valde å vere i forkant, seier ordførar Arne Bergsvåg (Sp) i Vindafjord.

– For dåverande Ølen kommune var samanslåing med Vindafjord eit strategisk grep å ta i staden for å vente på å bli slukt opp av større kommunar, seier ordføraren.

Viss alternativet til dagens kommunestruktur er ein tonivåmodell med 70-80 store bykommunar, så meiner Bergsvåg fleire kommunar og burde vurdere kommunesamanslåing på same måte som Vindafjord.

– Med det bakteppet vil eg absolutt tilrå kommunar å vurdere å slå seg saman.

Men generelt sett så meiner han kvar einskild kommune må vurdere kommunesamanslåing ut frå sin eigen situasjon.

Som før

– Korleis har innbyggjarane i nye Vindafjord fått det etter kommunesamanslåinga?

– Dei aller fleste merker ikkje store skilnaden, seier Bergsvåg. – Skulestrukturen er som før og vi har jobba med å bevare tilbodet ute i grendene.

Bergsvåg får god støtte i dette synet av rapporten Frivillige kommunesammenslutninger 2005 – 2008, som vart utarbeidd av Telemarksforsking i 2009. Her er fire nylege kommunesamanslåingar sett under lupa, og for Vindafjord sin del konkluderer rapporten med at mykje er ved det same i den nye kommunen. Dei største endringane har skjedd i korleis kommunen har fordelt ressursane mellom administrasjon og tenestetilbod.

– Talet på årsverk har gått opp i kommunen. Men vi har slanka administrasjonen med mellom 20 og 30 årsverk, og vi har mellom anna oppretta fleire barnehagar. Dermed har vi fått ei betre fordeling av ressursane med fokus på tenestene, forklarar Bergsvåg.

– At talet på årsverk er høgt somme år er heilt naturleg. Til dømes vil talet på ressurskrevjande brukarar svinge frå år til år.

Måtte gå

Alt har ikkje gått knirkefritt i jobben med å smelte to kommunar saman til ein. Trass i at kommunane har hatt mykje samarbeid over kommunegrensene i alle år, så har dei hatt ulik dynamikk og ulik kultur. Det har vore til dels krevjande prosessar å samkøyre dei to, medgjer ordføraren.

– Vi vedtok samanslåinga i 2004 og sette den ut i live i 2006. I omstillingsfasen la vi opp til ein organisasjon som vart for brei, for flat i strukturen.

Det førte til ei ny omorganisering og ein rådmann som gjekk av. Og etter kvart har organisasjonen gått seg til og kommunen har funne si form.

– I forhold til dei måla vi sette oss før samanslåinga, så er vi i mål med det meste. No skal vi etterkvart ha medarbeidar- og brukarundersøkingar for å sjå om også desse gruppene føler det slik, seier ordføraren.

 

I LNK-avisa kan du lese meir om kva erfaringar innbyggjarane og dei folkevalde i Vindafjord kommune har gjort seg om kommunesamanslåinga.

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...

Statsbudsjettet: Regjeringa overser næringslivet som språkarena

Om lag to av tre arbeidstakarar i Noreg er sysselsette i privat sektor. Likevel vil regjeringa gi null kroner til det einaste landsdekkande tiltaket...