Heim Nyhende Misnøgd med NRK

Misnøgd med NRK

– NRK skapar eit inntrykk av at ungar som skriv nynorsk ikkje skriv norsk, seier Kristian Fjellanger i Noregs Ungdomslag.

I spørjeprogrammet Superkviss på NRK, måndag 23. januar, var det fleire oppgåver der deltakarane skulle gjette på om eit ord var nynorsk eller svensk. Superkviss er eit program retta mot born.

– Det er umogleg å tenkje seg at programleiarane ville ha gjort det same med bokmålsord, seier styreleiar i Noregs Ungdomslag, Kristian Fjellanger, på nettsidene til ungdomslaget.

Han fortel at programleiarane nytta svært gamaldagse nynorsk ord, og at det er eit brot med NRK si oppgåve som allmennkringkaster. Dette skjer samstundes med at nynorskandelen på NRK Super var på berre 9,2 prosent i 2010, i følgje tal frå Kringkastingsringen.

Noregs Ungdomslag sender no eit brev til kringkastingssjef Hans Tore Bjerkaas.

– Vi stiller spørsmål ved kva slike utspel gjer med sjølvbildet til nynorskbrukarar over tid. NRK har eit ansvar for å bidra til å styrkje og utvikle både norsk og samisk, avsluttar han.

I følgje Noregs Ungdomslag, som vart stifta I 1896 for å kjempe for mellom anna nynorsk og mangfald i det norske samfunnet, er dette eit døme på latterleggjering og framandgjering av nynorskbrukarar generelt og nynorskungar spesielt.

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...