Heim Nyhende Moldejazzen startar i dag

Moldejazzen startar i dag

I dag brakar det laus med Moldejazz. Klokka 12 opnar Eldbjørg Raknes festivalen og leier an i paraden gjennom Storgata i Molde.

Meir enn 60 artistar og band skal i elden under årets Moldejazz. Jazzfestivalen, som har halde på i meir enn femti år, spreier seg på små og store spelestader stader i og kring Molde – alle i gangavstand, lovar arrangøren. Artistlista viser store internasjonale og norske namn, og årets Artist in Residence er den norske pianisten og komponisten Jon Balke. Publikum vil få oppleve Balke i fleire musikalske konstellasjonar i løpet av veka Moldejazz pågår.

Det blir også halde meisterklasse for dei som har lyst til å lære og utvikkle seg: Ein med John Scofield og ein med Joe Lovano.

Norah Jones, The John Scofield Hollowbody Band, Antony and the Jonstons, Dave Douglas og Janelle Monáe er mellom nokre av dei andre artistane som blir å høyre og sjå i Molde i år.

Moldejazz vart arrangert første gong i 1961, og den er ein av dei eldste jazzfestivalane i Europa.

NYNORSK INSPIRASJON

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

MEST LESE

Jubileumsfeiringar, sterke stemmer og sommarstemning under Festspela

Festspela 2025 vart ei levande og meiningsfull markering av nynorsk språk og kultur. Med fantastisk sommarvêr, sterke kulturopplevingar og eit engasjert publikum, er det...

– No er vi klare for Festspela!

– Vi gler oss til å ta imot gjestar i alle aldrar til ein levande og samlande festival, seier festspelsjef og konstituert arenaleiar Ida...

Fråsegn frå landstinget til LNK: – Kommunane må få dekkja kostnadene til språkdelte klassar

Landstinget til LNK kjem med klart krav til at kommunane må få dekkja dei kostnadene dei har til språkdelte klassar i ungdomsskulen. Etter den nye...

Landstinget til Nynorskkommunane: – Krev demokratisk kontroll over språket

Stavekontrollane til dei store selskapa Google, Microsoft og Apple er så dårlege at dei hindrar elevar i å læra korrekt norsk, og undergrev den...