Heim Nyhende - Motiverte til å arbeide meir med språk

– Motiverte til å arbeide meir med språk

– Me skal framleis arbeide for å bruke eit enkelt og kvardagsleg språk, seier ordførar i Ørsta kommune, Rune Hovde. Han er glad for at kommunen vart kåra til Årets nynorskkommune.

Hovde er glad for at juryen vart imponert over det langsiktige arbeidet kommunen har lagt ned for styrke nynorsken i den kommunale administrasjonen, og ikkje minst som språk i skule og barnehage.Ørsta kommune har blant anna tilbydt nynorskkurs til nokre av dei tilsette. I tillegg ynskjer kommunen no å stimulere næringslivet til å bruke meir nynorsk.

– Eg vil gjerne møte næringslivsleiarane for å diskutere språk, me treng ei bevistgjering for å vise at ein kan marknadsføre seg på nynorsk, og ikkje berre på bokmål, slår ordføraren fast.

– Eg er iallefall glad for at me har raudvin og ikkje rødvin på Vinmonopolet no, seier han og ler.

Les også: Ørsta kåra til Årets nynorskkomune

Det er ikkje berre enkelt reint språkleg å vere Ivar Aasen sin heimstad, ordførar Hovde meiner det fort kan bli ei sovepute og meiner kommunen framleis har mykje å gå på.

– Det var veldig kjekt for oss å få denne prisen i Språkåret og i jubileumsåret for Ivar Aasen. Me har lagt ned mykje språkleg arbeid, sjølv om ein ser det er mykje ein kan bli betre på. Ikkje minst kan me bli meir bevisste på korleis me brukar eit godt språk, ikkje berre på å skrive korrekt. 

Høgreordføraren er ikkje redd for at nynorsken skal lide under ei ny regjering. Han er optimist sjølv om mållova ser ut til å bli vraka.

– Eg er ikkje så redd for det, dessutan var det fleire positive punkt for nynorsken i regjeringserklæringa. Me er mange i dette partiet som vil kjempe for nynorsken i regjeringa framover.

– Kva skal de bruke prispengane til?

– Det skal kommunestyret finne ut av, eg har iallefall lova at dei ikkje skal forsvinne i den store sluken, men skape noko me ser igjen.

 

NYNORSK INSPIRASJON

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

Seks fine julebøker på nynorsk

Mange skular og barnehagar bruker adventstida til høgtlesing kvar dag. Her får du tips til fleire gode bøker på nynorsk med god...

Vil gi utviklingsstøtte til fleire nynorske produksjonar i Den kulturelle skulesekken

Kulturtanken, Seanse, Høgskulen i Volda og fleire fylkeskommunar samarbeider om å få meir nynorsk i Den kulturelle skulesekken i ei heilt ny...

MEST LESE

– Den nye opplæringslova er ikkje god nok for nynorskelevane

Fredag 24. mars 2023 la Tonje Brenna fram forslag til ny opplæringslov. Norsk Målungdom synest det er fleire gode framlegg for nynorskelevane, men at...

Målblome til ålesundordførar Eva Vinje Aurdal

– Norske kommunar er viktige språkaktørar, og mellom 356 nyansar av kommunegrått har språket vårt både bøller og bestevener. Midt i det grå står...

LNK om ny opplæringslov: – Stortinget må sikra meir nynorsk i skulen

Nynorskkommunane (LNK) er glad for at regjeringa vil lovfesta at skulen skal ha skriveprogram som støttar nynorsk, men meiner lova må oppdaterast for å...

Mållaget: – Ny opplæringslov forsterkar den digitale læremiddelkrisa for nynorskelevane

– Situasjonen i nynorskklasseromma er alvorleg. Det sit over 73 000 nynorskelevar ved pultane sine og må bruke digitale læringsressursar på feil språk, seier...