Heim Nyhende Forskar trur svenskane vrakar Bergen på grunn av dialekten

Forskar trur svenskane vrakar Bergen på grunn av dialekten

 

Berre tre prosent av dei over 35.000 svenskane som har flytta til Noreg, har slått seg ned i Bergen. Frykta for å ikkje forstå dei skarrande bergensarane er noko av grunnen, trur forskar.

 

Tal frå Statistisk sentralbyrå viser at meir enn 35.000 svenskar har innvandra til Noreg. Så mange som 37 prosent av dei har slått seg ned i Oslo, mens berre 3 prosent av dei held til i Bergen, skriv Bergens Tidende (BT).

–  Det er faktisk svært lite. Eg blir overraska sjølv, seier stipendiat Ida Tolgensbakk ved Universitetet i Oslo til avisa.

Ho forskar på unge svenskar i Noreg og har funne fleire grunnar til at svenskane vel hovudstaden. At dei frå før har venner og søsken i byen, og at Oslo ligg nært Sverige, er to grunnar, men bergensdialekten er også ei årsak, meiner Tolgensbakk.

–  Eg har sett at undersøkingar som lingvistar har gjort, som stadfestar at svenskar faktisk lettare forstår språket i Oslo. Det er i alle fall ei førestilling dei svenske ungdommane har sjølve, seier ho.

BT skriv at det finst mange sider på Facebook for svenskar i Oslo. Den største har nesten 17.000 medlemmer. For svenskar i Bergen finst det éi, og den sida har under tusen medlemmer. (©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...