Heim Nyhende Mykje språkleg rusk i nynorskbyen Førde

Mykje språkleg rusk i nynorskbyen Førde

Skiltinga av butikkar i Førde er ofte på bokmål. Foto: Google Street View

Førde har utropt seg sjølv som nynorskbyen, men bybiletet speglar ikkje den ønskja profilen.

«No er eg kommen til nynorskbyen» er neppe det fyrste som slår ein besøkande i Førde, skriv avisa Firda.

Gjennom bybiletet florerer bokmålsorda på namn og skilt, og nokre stader blanda med nynorsk. Enkelte kjeder nyttar til og med engelsk.

Ved Orkelbog Bil i Førde reklamerer dei til dømes med «pene biler selges» og «spesielle biler skaffes». Roald Orkelbog ved Orkelbog Bil forklarer bokmålsbruken med at nordmenn flest nyttar bokmål, og seier til Firda at han ikkje er så oppteken av at Førde kallar seg for nynorskbyen.

Ap-politikar og pensjonert norsklærar Ivar Svensøy meiner Førde har ein lang veg å gå i bruken av nynorsk. Svensøy meiner det ville vore eit kvalitetsstempel, ikkje berre for den enkelte butikk, men for heile Førde, om byen stod fram med ein tydeleg og heilskapleg nynorskprofil.

– Aktørar i næringslivet må ha ein tydeleg vilje til å satse på nynorsk. Det er det aller viktigaste. Så kan dei kanskje få hjelp av pensjonerte lærarar og kanskje mediefolk. Mange ville sikkert tykkje det var moro å bidra, seier Svensøy til Firda. (©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...