Heim Nyhende Mytisk merkevare

Mytisk merkevare

Peer Gynt – stemnet er ei av dei sterkaste merkevarene i Nord – Fron, seier administrerande direktør Eli Blakstad i Peer Gynt AS.

I 1928 vart det første Peer Gynt – stemnet arrangert, deretter vart det arrangert eit nytt i 1932 og eit i 1967. Etter det har stemnet vore årvisst.
– Det var heilt klart eit gjennomslag for stemnet då me fekk utandørsførestillinga om Peer Gynt ved Gålåvatnet i 1989. Då tok stemnet kunsten ut i naturen, det er noko me framleis arbeider med, seier Blakstad.

I tillegg til at nasjonaleposet blir sett opp med Gudbrandsdalsnaturen som kulisse blir det også arrangert klassisk konsert i Rondane med Peer Gynt Kammerorkester og danseførestilling i Fyrajuvet under det 10 dagar lange Peer Gynt – stemnet. I fjor hadde danseførestillinga TidarÅ med FRIKAR danse company premiere i Fyrajuvet, til sommaren kjem dei attende.

– Stemnet er variert. Me klarer å kombinere scenekunst, dans og musikk, seier Eli Blakstad som også legg vekt på at Peer Gynt framleis er like aktuell i dag som tidlegare.

Peer er ein unnsluntrar som unggår dei vanskelege spørsmåla i livet. Dette dramaet kan godt brukast som eit bakteppe for aktuelle diskusjonar også i dag. Ei kvinne frå Bangladesh meinte Peer Gynt var like aktuell i likestillingsdebatten som Et dukkehjem, fortel Blakstad. Dette er også noko av bakgrunnen for Peer Gynt – akademiet som skal bli ein arena for refleksjon, og der ein kan diskutere avgjerande spørsmål i livet.

Les meir om Peer Gynt – stemnet og Nord – Fron i neste nummer av LNK-avisa.

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...

Statsbudsjettet: Regjeringa overser næringslivet som språkarena

Om lag to av tre arbeidstakarar i Noreg er sysselsette i privat sektor. Likevel vil regjeringa gi null kroner til det einaste landsdekkande tiltaket...