Heim Nyhende Naturpark fekk Bygdeutviklingspris

Naturpark fekk Bygdeutviklingspris

Fosseheimen Naturpark i Gloppen kommune fekk i dag tildelt Bygdeutviklingsprisen for 2012 av Innovasjon Norge.

Prisen er på 50 000 kroner og vart delt ut under fylkestinget i Sogn og Fjordane sitt tingsete i Balestrand i dag, melder avisa Firda

I grunngjevinga vart det lagt vekt på at Fosseheimen har eit breitt tilbod av natur- og dyreopplevingar og at naturparken samarbeider tett med 4H og andre lokale tiltak.

– Denne bedrifta er eit døme på ei vellukka etablering som gir vinn-vinn effekt, sa juryleiar Jenny Følling under utdelinga.

Fosseheimen Naturpark er besøksgard i tillegg til å kunne tilby aktivitetar som jakt, fiske og rideleir.

NYNORSK INSPIRASJON

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

Seks fine julebøker på nynorsk

Mange skular og barnehagar bruker adventstida til høgtlesing kvar dag. Her får du tips til fleire gode bøker på nynorsk med god...

Vil gi utviklingsstøtte til fleire nynorske produksjonar i Den kulturelle skulesekken

Kulturtanken, Seanse, Høgskulen i Volda og fleire fylkeskommunar samarbeider om å få meir nynorsk i Den kulturelle skulesekken i ei heilt ny...

MEST LESE

– Stortinget hindra digital jamstilling for nynorsken

Det seier ein skuffa leiar i Noregs Mållag, Peder Lofnes Hauge, etter at den nye opplæringslova torsdag blei vedtatt i Stortinget.  – I ein skulekvardag...

Gratis teateroppleving på øyret – i samarbeid med dagsturhyttene 

Teater Vestland og dagsturhyttene samarbeider om å gi folk ei annleis teateroppleving i naturen.  Skogsopplevingar er ein 20 minutt lang podkast som du høyrer på ute i...

Programmet til landstinget til LNK i Sogndal 1.-2. juni 2023

Landssamanslutninga av nynorskkommunar ønskjer velkommen til landsting i Sogndal 1.-2. juni på Quality Hotel Sogndal. Landstinget til LNK blir arrangert annakvart år, og er ein...

– Eit svik mot nynorskelevane 

Utdanningskomiteen har no lagt fram innstillinga si til ny opplæringslov. Trass i tydelege krav frå alle hald om at læringsressursar som er utvikla til...